Hopp til innhold

Drapsmann vil ut av psykisk helsevern for åttande gong

Han drap ein drosjesjåfør med 13 skot. No ønskjer mannen (38) på nytt å få kome ut av tvungent psykisk helsevern.

Bilen til den drepte undersøkes.

BILEN TIL DEN DREPNE: Krimteknikarar undersøkjer bilen som tiltalte var i.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Dei rettsoppnemnde sakkunnige og aktor meiner det er fare for at tiltalte kan utføre alvorlege handlingar om han slepp tvungent psykisk helsevern.

Det er åttande gongen mannen er i retten for å be om å bli sett fri frå psykiatrien.

Ønska å drepe ein muslim

38-åringen har dei siste åra budd på heimstaden, men må framleis ta antipsykotiske medisinar. Inntil 2017 var han innlagd på psykiatrisk institusjon. Først i 2013 erkjente han drapet og fortalde om det som skjedde seks år tidlegare.

Under rettssaka i 2009 kom det fram at tiltalte på nettfora hadde uttrykt ønske om at han ville drepe ein tilfeldig muslim.

Drapskvelden drog han på byen i Trondheim med ein ladd pistol. Han tok ei piratdrosje ut av byen. På Heimdal vart det ein krangel med den norsk-somaliske sjåføren om kor mykje tiltalte skulle betale. Tiltalte meiner pistolen hans gjekk av ved eit uhell og at han deretter fekk panikk og tømte magasinet.

Dei rettspsykiatrisk sakkunnige konkluderte i 2009 med at tiltalte var psykotisk både før og under drapet og at han lir av schizofreni.

Aktor: Har du dårleg samvit for dette?

I rettssaka fredag viste aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne, bilete frå åstaden der drapet skjedde. Eit av bileta var av den drepne drosjesjåføren, liggande halvt ut av bilen etter dei 13 skota. Eit av dei trefte avdøde i hovudet.

–Har du dårleg samvit for dette, spør aktor.

–På eit visst nivå, svarer tiltalte.
–Kva meiner du med det, spør aktor.

Tiltalte blir stille ei stund før han svarer:
–Eg er ikkje heilt sikker på korleis eg skal ordlegge meg.

Det blir ein ny pause, utan at tiltalte seier noko meir, før aktor seier:
–Dersom du ikkje har eit svar på det så eg går eg vidare.

Forsvarer John Christian Elden sa at tiltalte har sagt at han vil halde fram med å ta medisinane sjølv om retten skulle oppheve tvangen. I 2019 meinte lagmannsretten at det måtte gå «litt meir tid» før domen kunne opphevast.

–Er det noko som har endra seg i negativ retning sidan då, spurte Elden og meinte at det var det ikkje. Aktor, forsvarer og hjelpeapparatet er samde om at tiltalte fungerer godt i det daglege.

Advokat John Christian Elden

FORSVARER: John Christian Eklden meiner tiltalte bør ut av tvungent helsevern.

Foto: Ole Berg-Rusten

–Vil berre gjere det andre gjer

På heimstaden bur tiltalte i eige husvære. Han har ein tilrettelagd jobb, men har liten sosial kontakt bortsett frå med familien. I retten fredag sa tiltalte at han tek den antipsykotiske medisinen han får delt ut.

Han fekk nyleg tilbake førarkortet. Han kan derfor no dra ut av kommunen, men må då varsle politiet.

–Eg synest det er veldig stigmatiserande. Det er fullt av folk som vil vete om bakgrunnen min.

Tiltalte sa han også har lyst til å gå på fest og drikke alkohol, men det får han ikkje lov til.

–Eg har ikkje eit sug etter alkohol eller rus, men vil berre gjere det andre gjer, sa mannen.

Medisinane får han utlevert på eit fast tidspunkt to gonger i veka. Han meiner han kan gå på apoteket i staden for at det skal kome pleiarar heim til han med medisinen. Det blir også sjekka med blodprøver at han tek medisinane.

–Det er viktig for samfunnet at eg tek medisin, sa tiltalte på spørsmål frå ein av dei rettsoppnemnde sakkunnige, psykiater Oksana Flåan.

Tiltalte meiner han ikkje lenger er schizofren fordi han ikkje har hallusinasjonar. Men vedgjekk på spørsmål frå Flåan at det kunne vere fordi han tek medisinen.

Drapssted Heimdal

ÅSTADEN: På Ringvål like ved Heimdal stoppa bilen etter ein krangel om oppgjer for turen.

Foto: NRK

Var innlagd i to månader i fjor

I mars i fjor vart mannen beden om å kome til ein konsultasjon ved ein psykiatrisk institusjon i Trondheim. Bakgrunnen var opplysningar i journalen hans som kunne tyde på at han kjende seg overvaka.

Tiltalte sa i retten at dette var ting som hadde skjedd for mange år sidan, men som han først hadde fortalt til behandlaren nyleg. I to månader var han på det psykiatriske sjukehuset. I retten kalla han opphaldet «eit helvete» også fordi det var koronatiltak.

Han meinte innlegginga var basert på feilinformasjon og ting han aldri hadde sagt. Det vart ikkje påvist psykose hos tiltalte etter den innlegginga.

Dei sakkunnige meiner tiltalte manglar sjukdomsinnsikt. Han har vanskar med å tenkje noko omkring drapshandlinga og meiner det var han som var i fare, ikkje avdøde. Dersom tvangsmedisineringa opphøyrer er det «moderat til høg risiko» for nye valdshandlingar, går det fram av rapporten frå 2021.

Psykiateren, som tiltalte har jamnlege samtalar med, vitna i retten. Ho meiner tiltalte kan fungere godt utan tvangsmedisering i løpet av eit par månader.

Dom i saka fell seinare.