Hopp til innhold

Drapsmann ut av psykisk helsevern på åttande forsøk

Mannen som drap ein drosjesjåfør med 13 pistolskot, kan no sleppe ut frå psykiatrien. Med to mot ei stemme har retten gitt 38-åringen medhald i at tvangsmedisineringa skal opphøyre.

Tiltalt for Heimdalsdrapet

I RETTEN: Den drapsdømte etter Heimdalsdrapet da saken ble behandla i retten i 2009.

Illustrasjon: Knut Løvås / NRK

Nyleg møtte mannen for åttande gong i retten for å be om at tvangen opphøyrde.

I den ferske domen frå Sør-Trøndelag tingrett meiner fleirtalet, tingrettsdomar Eirik Lereim og ein av meddomarane, at tvang ikkje lenger er naudsynt for å verne samfunnet.

Dei rettsoppnemnde sakkunnige og aktor meiner framleis det er fare for at tiltalte kan utføre alvorlege handlingar om han slepp tvungen medisinering.

Under rettssaka i 2009 kom det fram at tiltalte på nettfora hadde uttrykt ønske om at han ville drepe ein tilfeldig muslim.

I drosje med ladd pistol

Drapskvelden i 2008 drog han på byen i Trondheim med ein ladd pistol. Han tok ei piratdrosje ut av byen.

På Heimdal vart det ein krangel med den norsk-somaliske sjåføren om kor mykje tiltalte skulle betale. Tiltalte meiner pistolen hans gjekk av ved eit uhell og at han deretter fekk panikk og tømte magasinet.

Først i 2013 erkjente han drapet og fortalde om det som skjedde seks år tidlegare

Inntil 2017 var han innlagd på psykiatrisk institusjon. 38-åringen har dei siste åra budd på heimstaden, men må framleis ta antipsykotiske medisinar.

Advokat John Christian Elden

FORSVARER: John Christian Elden seier klienten hans er glad for dommen.

Foto: Ole Berg-Rusten

Ingen negative «episodar»

Fleirtalet i tingretten viser til at det ikkje har vore nokon «episodar» av negativt slag med tiltalte. Han har jobb og tek medisinen han får utlevert.

Meddomaren i mindretal er meir usikker. Hen viser til at tiltalte uttrykte ein viss skepsis i retten mot å ta antipsykotiske medisinar fordi han ikkje kjende seg sjuk.

– Klienten min er glad for domen og meiner den rett, seier forsvarer John Christian Elden til NRK torsdag kveld.

– No kan han leve som normalt i lokalsamfunnet utan å bli sett på som farleg.

Retten meiner tvangen kan opphøyre 31. juli. Men dersom domen blir anka av påtalemakta, må tiltalte nok ein runde i retten.

Aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne, opplyser til NRK at han vil avgjere over påska om domen skal ankast.