Hopp til innhold

Drap og valdtok stedottera: Forvaringsdømt kan bli lauslaten på prøve

I 2020 meinte statsadvokaten at faren for at tiltalte kunne utføre liknande handlingar var for stor. No har dei snudd.

Tiltalte i retten under spørsmål om prøveløslatelse fra forvaring

TILTALTE I RETTEN: – Det var avskyelege handlingar. Eg var på ein mørk stad i livet mitt.

Foto: Kari Sørbø / NRK

60-åringen er dømt for to drap. I 1987 drap han sambuaren sin i Namsos. Han brukte ein hammar og deretter kvelte han henne.

I 1994 hadde han sona ferdig og flytta saman med ei kvinne i Steinkjer. Den eldste dottera hennar var elleve år då tiltalte kvelte henne ei septembernatt i 2002 mens dei to var aleine heime.

Deretter valdtok han barnet.

Retten meinte det var stor gjentakingsfare og dømde han til 21 års forvaring med ei minstetid på ti år.

Denne veka skulle Trøndelag tingrett for tredje gong behandle spørsmålet om prøvelauslating og om forvaringstida skal forlengast. Den går ut i september.

Har snudd

I 2020 meinte både kriminalomsorga og fengselet at tiltalte kunne lauslatast på prøve. Men statsadvokaten sa nei og fekk retten med på at faren for at tiltalte kunne utføre liknande handlingar var for stor.

Sidan rettssaka for to år sidan har statsadvokaten og dei rettspsykiatrisk sakkunnige snudd:

Dei meiner at tiltalte har tatt tak i problema sine. Sidan 2021 har han gått i psykoterapi i eit program tilpassa personar som er forvaringsdømde for grove seksuallovbrot.

Dei siste åra har mannen sona ved Leira fengsel i Trondheim. Dette er eit ope fengsel. Tiltalte hadde også ein jobb utanfor fengselet med meldeplikt kvar dag.

Forsvarer Ann Turid Bugge

Ann Turid Bugge meiner bevisføringa i retten viser at det ikkje er noko stor fare for at tiltalte vil utføre nye, alvorlege lovbrot.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Det er strenge reglar for korleis ein permisjon skal gjennomførast for dei som er forvaringsdømde. Tiltalte har hatt om lag 180 permisjonar sidan 2013, ingen lenger enn tre dagar. Då har han besøkt familie.

Han har også etablert kontakt med personar i lag og organisasjonar etter råd frå fengselet og Kriminalomsorga.

Fleire av dei vitna i retten denne veka. Alle gav han svært gode skussmål. Han fortel også alle kva han er dømt for.

– Alle veit jo kven eg er, det er berre å «google» namnet mitt, sa tiltalte, som skifta namn for nokre år sidan.

– Ei sjølvdestruktiv handling

I retten brukte aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne, ein del tid på å lese opp frå domen som omhandla drapet og valdtekta i 2002.

Aktor og statsadvokat Per Morten Schjetne

– Det er svært sjeldan ein står i retten med ein som har sona i 20 år og skal avgjere om han skal lauslatast på prøve, sa statsadvokat Per Morten Schjetne.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Det er ein dom med sterke detaljar om kva 11-åringen vart utsett for.

– Kan du seie korleis dette kunne skje?, spurte aktor.

– Eg var på ein mørk stad i livet når det gjeld depresjon. Eg takla det veldig dårleg, svarte tiltalte.

– Kan du forklare det grenselause i handlinga, spurte Schjetne.

– Det verkar grusamt, eg kan ikkje forklare korleis det vart slik. Det var ei sjølvdestruktiv handling, svarte tiltalte (60).

Han har i alle åra etter vedgått at han røykte hasj kvar dag i den tida. Han såg også på porno den kvelden han drap og valdtok stedottera.

Målet hans var å ha sex med henne, ikkje å drepe. Men jenta kjempa imot og derfor drap han henne.

Drapet på sambuaren i 1987 skjedde også fordi ho ikkje ville ha sex med han, har han forklart.

Les også Fengsel og kriminalomsorg tilrår at dobbeltdrapsdømt kan bli sett fri på prøve

Drap Steinkjer.

Må vere open om forholdet til kvinner

Det er strenge vilkår for å bli sett fri på prøve for personar som er dømde for seksuallovbrot. Det er retten som skal fastsette vilkåra etter råd frå Kriminalomsorga.

I tiltalte sitt tilfelle er det viktigaste rusforbod fordi begge drapa skjedde mens tiltalte var rusa. Eiga leilegheit og ein jobb må også på plass før han kan sleppe ut. Han må framleis søke om permisjon om han skal forlate kommunen.

I tillegg vart aktor og forsvarer samde om at tiltalte også må vere open om kvinner som han inngår eit forhold med.

I påstanden frå aktor står det:

«Domfelte plikter å informere kriminalomsorga om kvinner han innleder fast kjærast- eller samboerforhold til. Domfelte må videre akseptere pålegg om å informere vedkommende om at han er forvaringsdømt og gi informasjon om dommens bakgrunn og innhold. Domfelte plikter å medvirke til at friomsorgskontoret, dersom friomsorgskontoret vurderer det nødvendig, kan komme i kontakt med vedkommende for å forsikre seg om at korrekt informasjon er gitt.»

Retten med tingrettsdommer Frode Hanssen

Trøndelag tingrett med tingrettsdomar Frode Hanssen og dei to meddomarane kjem med domen om ei vekes tid.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Det er no opp til tingretten å avgjere om vilkåra for prøvelauslating er gode nok og at risikoen for nye straffbare handlingar er så låg at tiltalte kan sleppe ut på prøve frå forvaring.

Aktor meiner at forvaringsperioden må forlengast med fem år sjølv ved ei lauslating i løpet av hausten.

Domen kjem i slutten av neste veke.