Hopp til innhold

Evakuert to gonger same helg

To gonger i løpet av helga blei elleve år gamle Frida Stevik frå Melhus evakuert frå brann.

Frida Stevik
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

– Det var skummelt, seier 11-åringen då NRK besøker ho vel heime igjen etter ei dramatisk natt.

Ulmebrann

Det starta fredag kveld då alarmen gjekk ved Fredly folkehøgskole i Børsa.
Rundt 80 ungdommar på korsamling måtte evakuerast etter ein ulmebrann.

Frida Stevik frå Øysand var ei av dei.

– Det var veldig skummelt, for då måtte eg reise heim utan alle tinga mine. Her trudde eg eigentleg ikkje at det skulle gå så bra som det gjorde, fortel Stevik.

Vekt midt på natta

I natt gjekk alarmen igjen for Frida Stevik. Denne gongen var ho heime i si eiga seng då det begynte å brenne hos industriverksemda WEEE Recycling AS på Øysand.

– Mamma vekte oss og vi måtte pakke saman litt saker. Etterkvart fekk vi flytte på hotell. Det gjekk bra, men det tok litt lang tid, forklarar Stevik.

Pappa Kjell Helge Stevik her heilt einig i at det tok for lang tid før nokon handla.

– Timane går for når ein blir jagd ut midt på natta og må sitte og vente i ein bil. Vi visste ingenting og fekk beskjed over mobiltelefonen om at det var ordna med buss, slik at vi blei frakta opp til hotellet, seier Stevik til NRK.

Skeptisk til gasstank

Ifølgje politiet var det gasstankar i bygningen der det brann og stor eksplosjonsfare.

– Det var stor røykutvikling og vi hadde ikkje kontroll over brannen. Vi evakuerte difor dei nærmaste bebuarane, seier Birgit Monsås, operasjonsleder ved Sør-Trøndelag politidistrikt.

Det er ikkje kjent kvifor det begynte å brenne.

– Vi veit at det har brunne, årsaka kjenner vi ikkje og det er det som skal undersøkast no, seier John Sunde, dagleg leiar i WEEE Recycling AS til NRK.

– Eg var mest skeptisk med tanke på den store gasstanken som står der, og om det kom eit smell snart, avsluttar Stevik.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.