Bygd i sorg etter at jente (2 år) døydde

Den to år gamle jenta som vart biten av ein hund i Selbu fredag, døydde av skadene. Grenda er i sorg, og i barnehagen der jenta gjekk, er det ikkje lenger 14, men 13 barn.

Flagger på halv stang ved Dragsten barnehage

Her flaggar dei på halv stang ved Dragsten barnehage i Selbu.

Foto: Jøte Toftaker/NRK

Kilde: NRK/NTB

Bitt av hund. Dragsten. Selbu

Politiet kom til garden i Selbu fredag formiddag.

Foto: Morten Andersen / NRK

Ulykka skjedde fredag formiddag, i grenda Dragsten i Selbu i Sør-Trøndelag.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 11.43.

Klarte ikkje å redde jenta

Den toårige jenta vart sendt til St. Olavs Hospital med luftambulanse. Ho hadde livstrugande skader.

Ho vart operert, men livet sto ikkje til å redde.

Jenta døydde på St. Olavs Hospital klokka 03.01 natt til laurdag.

Det vil bli gjennomført ein rettsmedisinsk obduksjon, opplyser politiet i Sør-Trøndelag.

Politiet ville laurdag formiddag ikkje gi fleire opplysningar om kva som skjedde eller om etterforskinga.

Vart biten av trekkhund

Ulykka skjedde heimen på garden til familien. Toåringen og storesøstra hennar på åtte år var inne i ein hundegård med over 20 hunder da det minste barnet vart biten fredag formiddag.

Ifølge VG var dei inne i innhegninga for å hente kvalpar.

Politiet kan førebels ikkje seie om det var vaksne til stades da jenta vart biten, men det var eit barn som varsla om ulykka.

Det er ikkje klart hva for hundar det er snakk om, men politiet sa fredag at det var trekkhundar, kanskje huskyar.

– Tragisk for heile Selbu

Inga Johanne Balstad

Ordførar i Selbu, Inga Johanne Balstad.

Foto: Rune Karlsen / NRK

Ordføraren i Selbu, Inga Johanne Balstad, seier til NRK at dette er ei tragisk sak for heile lokalsamfunnet.

– Det heile er veldig tragisk. Først og framst for familien og dei næraste, men òg for heile Selbu, seier Balstad til NRK laurdag formiddag.

Ho vart oppringd av politiet fredag, mens tilstanden for jenta framleis var alvorleg og uavklart.

Kommunen har sendt kriseteam til tettstaden Dragsten der det skjedde.

Berre 13 ungar att i barnehagen

Jenta som døydde, gjekk i Dragsten barnehage.

Ann Kristin Geving, oppvekstssjef i Selbu kommune, seier at grenda Dragsten er sterkt prega av den tragiske hendinga.

– Dragsten er eit tett bomiljø kor alle kjenner alle. Dødsfallet pregar alle saman. Samtidig er det ei grend som står samla når noko tragisk skjer, og dei tar vare på kvarandre, seier ho til NRK.

Dragsten barnehage hadde 14 barn i alderen 1 til 6 år. Når barna blir samla på måndag, er dei berre 13 barn.

– Vi har aldri hatt dødsfall blant barna i barnehagen før. Vi har beredskapsplanar, men ein kan aldri vere godt nok forberedt på slike tragiske hendingar, seier Geving.

Dei tilsette i barnehage skal møtast søndag ettermiddag. Barnehagen vil være åpen måndag, og det vil bli foreldremøte same dag.

– Korleis pregar dette dei tilsette i barnehagen?

– Dette er ei lita grend, der alle kjenner kvarandre godt. Dei tilsette møter foreldre og søsken kvar dag, og på det viset blir også dei tilsette veldig sterkt berørt av det som har skjedd, seier Geving.

– Forferda over det som har skjedd

Jente ble bitt av hund. Selbu, Dragsten.

Det var i denne innhegninga ulykka skjedde.

Foto: Morten Andersen / NRK Trøndelag

Stig Meier Berg, leiar i Selbu trekk- og brukshundklubb, seier til NRK at han ikkje kjenner familien, men at han har følgd saka og er forferda over det som har skjedd.

– Vi starta klubben vår i 1992 og etter det har vi aldri opplevd skader relatert til hund som har vore i nærleiken av så alvorleg som dette, seier han.

Han vil ikkje uttale seg om den konkrete hendinga før politiet har etterforska ferdig. Men han sier han har fått informasjon om at det var kvalpar i hundegården.

– Eg veit ikkje meir om denne hendinga, men generelt kan eg seie at hundar med kvalpar kan bli utrygge, og at det kan oppstå situasjonar som er vanskelege å forutsjå, seier han til NRK.

Dragsten er ei bygd i Selbu kommune i Sør-Trøndelag. Bygda ligg ved Selbusjøen, om lag ein halvtimes bilkjøring frå Trondheim sentrum.

Laster kart, vennligst vent...

NRK anbefaler

Video fra Trøndelag

Ronja Røverdatter inntar Trøndelag, og borgen er en gammel klosterruin i Levanger.
Lærer Samira Khouri reiser til Mekka i september. Der vil hun representere Norge på et pilegrimsseminar.
Når man som 14-åring har flere avkom enn hele Trondheims befolkning tilsammen, og tjent mer enn 25 millioner kroner på å tømme pungen, da feires det med stil!