Hopp til innhold

Dømt til seks års fengsel - meiner kona dikta opp valdtekter for å få opphaldsløyve

Etter berre fem dagar i Noreg flykta kona frå mannen etter grove valdtekter.
Han seier ektefellen dikta opp historia for å få opphaldsløyve utan å bu saman med han.

Skjermdump for rettsaken

I RETTEN: Forsvarar Frode Wisth (t.v.) og aktor, statsadvokat Jarle Wikdahl (t.h). Skjermdump frå digital rettssak.

Foto: Skjermdump

No er han dømt til seks års fengsel, kontaktforbod og omvendt elektronisk valdsalarm.
Inntrøndelag tingrett meiner tiltalte si forklaring på skadane kvinna fekk er «oppkonstruert».

Overgrepa starta på bilturen frå Gardermoen

Ifølgje tiltalen frå Statsadvokaten i Trøndelag starta overgrepa på bilturen frå Gardermoen og nordover til Trøndelag. På flyplassen henta tiltalte kona som han hadde gifta seg med i 2017.

Ekteskapet kom i stand via tanta hans. Dei to hadde ikkje møtt kvarandre før bryllaupet, stadfesta dei begge i rettssaka. Tiltalte fortalde i retten at dei hadde frivillig sex tre gonger i bilen nordover. Ho (33) forklarte at det skjedde med tvang og trugsmål frå ektemannen.

Tiltalte kom til Noreg som asylsøkar i 2007. Han har jobb og studerer. Han sa i retten at han gledde seg til at kona skulle kome til Noreg på familiegjenforeining. Kona byrja fort å mase på at dei måtte dra til politiet for å ordne med opphaldsløyve.

Ho var også misnøgd med leilegheita og staden dei budde på og sa ho ville reise til Oslo eller Tyskland, ifølgje tiltalte.

Fem dagar med valdtekter og trugsmål

Den fornærma ektefellen har ein annan versjon i retten. Ho fortel at tiltalte ville ha sex med henne heile tida. Då ho nekta slo og sparka han henne, truga med å drepe henne og skjære henne opp i småbitar. Ho seier ho knapt var ute av leilegheita i løpet av dei fem dagane ho var der.

Han fortel om fleire turar, både på butikken og ein dag til Sverige. Tiltalte nekta for for å ha lagt hand på henne, bortsett frå ein gong at skauv henne unna fordi ho skreik og hylte. Han var redd for at naboane skulle klage så han mista leilegheita.

Den femte dagen pakka ho og forlèt huset berrbeint med ektemannen springande etter. Ute på vegen stoppa ein forbipasserande bil og sjåføren kontakta politiet. Tiltalte vart pågripen same dag.

Kartet viser sona der ektemannen har lov å bevege seg.

KONTAKTFORBOD. Tiltalte bur i Stjørdal og får ikkje bevege seg nordover i noka retning mot der fornærma bur.

Illustrasjon: Politiet

Må gå med omvendt valdsalarm i to år

Inntrøndelag tingrett trur ikkje på forklaringa til mannen, som retten meiner er delvis motstridande.

Under rettssaka som NRK følgde, gjentok tiltalte fleire gonger at kona var instruert av bror og svigerinne om å lyge om overgrepa. Målet skal ha vore å få opphaldsløyve utan å bu saman med tiltalte. Det har ikkje kome fram opplysningar som underbyggjer dette, meiner retten.

30-åringen er også dømt til å ikkje kontakte kona på noko vis i tre år.

I tillegg må han i to år bere omvendt elektronisk valdsalarm. På den måten kan politiet få varsel dersom tiltalte beveger seg innanfor forbodssona. Den utgjer heile Innherred, frå Stjørdal i sør til Snåsa i nord, og frå Verran til svenskegrensa. Dermed skal politiet kunne nå fram til fornærma innan 30 minutt dersom eksmannen kjem innanfor området.

Jarle Wikdahl er aktor i saken.

AKTOR: Statsadvokat Jarle Wikdahl er nøgd med domen.

Foto: Morten Andersen / NRK

Forboda er naudsynte fordi det er risiko for nye straffbare handlingar, meiner Inntrøndelag tingrett.

Aktor, statsadvokat Jarl Wikdahl seier til NRK at han er nøgd med domen, sjølv om han påstod sju års fengsel.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med forsvarer. Men allereie i tingretten kom det fram at tiltalte ville anke saka om han vart dømd.

Han må også betale 200.000 kroner i oppreisning til kona.