Personleg assistent rusa seg mens han passa på multihandikappa unge

Mora fann den ni år gamle sonen med matsondeslangen kveila to gonger rundt halsen. På sofaen låg den personlege assistenten og sov. No er han dømt til fengsel.

ledning til matsondepumpe

KVEILA RUNDT HALSEN: Slangen til matsonden hadde kveila seg to gonger rundt halsen til den multihandikappa guten.

Foto: Politiet

Tiltalte i slutten av tjueåra vedgjekk i retten at han har brukt ulike former for narkotiske stoff som «sjølvmedisinering» mot angst og fysiske plager.

Samstundes har han jobba som personleg assistent for fleire funksjonshemma.

Rusa seg for å halde seg vaken

I slutten av januar i fjor byrja han som personleg assistent for ein ni år gamal gut i Trondheim.

«Anders» kan verken snakke eller gå. Han må matast gjennom sonde med ei pumpe frå ei maskin. Guten må også ha ein del medisinar, og han bruker bleie.

3. februar i fjor hadde tiltalte hatt dagvakt ein annan stad. Den siste månaden jobba han mange nattevakter for andre brukarar. Han måtte få hjelp av mor si for å rekke alt.

Før nattevakta starta heime hos «Anders», tok tiltalte amfetamin og nokre piller fordi han var «ekstremt sliten», fortalde han i retten.

Då han kom heim etter vakta, røykte han hasj og tok fleire piller. Blodprøva viste 1 i promille. Då har den sakkunnige trekt ifrå det tiltalte tok etter vakta.

Han kan ikkje hugse når han sovna på sofaen ved senga til «Anders», men meiner han hadde alarmen på i 04-tida for å gje ungen mat.

Guten hadde maskina over seg

Mor til «Anders» sov på eit anna rom. Ut på morgonkvisten vakna ho av at sonen sparka i veggen og laga lydar. Ho rekna med at tiltalte ville hjelpe sonen.

Då sparkinga heldt fram, gjekk mora inn på rommet.

Der fann ho sonen liggande opp ned i senga.

Matsondepumpe

PUMPA: Mora vart vekt av at sonen sparka i veggen. Ho fann han med matsondemaskina liggande over han i senga.

Foto: Politiet

Maskina, som veg nesten eit halvt kilo, låg over han. Slangen var ikkje kopla til guten, men kveila to gonger rundt halsen hans.

Det låg også brukte våtserviettar og papirsøppel i senga.

«Anders» kan lett kan skade seg.

– Det er farleg for han dersom det ligg noko i senga, sa mora i retten.

Ho fortalde at sonen laga lydar som tydde på at han ikkje hadde det bra, og tok han med på stova for å roe han ned.

Etter ei stund gjekk ho inn på soverommet, der tiltalte framleis sov i sofaen.

Ho trakka i kaffesøl, og det låg mange piller strødd ut over golvet.

Ho kjende ikkje pillene igjen som medisinen sonen brukte. Derfor plukka ho «instinktivt» opp ein, og putta den i lomma.

Så vekte ho tiltalte og sa at vakta hans var over. Selskapet der tiltalte jobba vart varsla og politiet kopla inn.

Hundrevis av narkotiske tablettar

Tiltalte samla i hop pillene frå golvet før han drog.

Pilla mora hadde plukka opp, leverte ho til politiet. Den viste seg å vere Rivotril.

Rivotril

RIVOTRIL: 350 tablettar vart funne heime hos den personlege assistenten. Biletet er ikkje frå saka.

Foto: Tollvesenet

Legemiddelet blir brukt mot epilepsi, men er mykje nytta av tunge rusmisbrukarar. Det er rekna som narkotika dersom det ikkje er utskrive av lege.

Under ransakinga hos tiltalte same dag, vart det funne nesten 350 Rivotriltabletter og mindre mengder med sju ulike angstdempande tablettar. Også desse blir brukt som rusmiddel. Politiet fann nokre gram hasj, amfetamin og marihuana som tiltalte erkjente var hans.

Men tablettane tilhøyrde ein kamerat som ofte overnatta, forklarte tiltalte.

Kameraten (32) stadfesta i retten at han ofte la igjen tablettar hos tiltalte.

På bakgrunn av det vitnet sa, ransaka politiet heime hos tiltalte på nytt mens rettssaka gjekk føre seg. Ingen tablettar vart funne.

Ni månader tidlegare vart tiltalte funnen sovande i bilen sin. I lommene hadde han over 100 Ksaloltabelettar. I retten sa han at det var ein annan person som hadde putta tablettane i lomma hans. Tiltalte ville ikkje oppgi namnet på vedkomande i retten.

Politiet meinte det var umogeleg å få tablettane ned i lomma hans slik tiltalte låg i bilen.

Kjende seg ikkje rusa

Eit år etter hendinga med «Anders», var tiltalte involvert i ei bilulukke.

Bilulukke i Melhus 10,februar 2020. Brukt i samband med rettsak 8.sept 2021

AMFETAMINRUS: Tiltalte krasja i ein snødekt sandhaug på ein anleggsveg ovanfor E6 i Melhus.

Foto: Politiet

Han vedgjekk å ha tatt amfetamin, men meinte han hadde hatt eit «anfall». Han er under utgreiing for epilepsi og tek Rivotril. Pillene er ikkje utskrive av lege.

I 2019 vart mannen stansa då han køyrde bil. Han var påverka av narkotika og hadde promille over 0,5. Han erklærte straffskuld, men sa han ikkje kjende seg rusa.

I 2015 fekk han førelegg for bruk og oppbevaring av hasj.

Dette skal normalt strykast frå politiattesten etter tre år.

Firmaet som tiltalte var engasjert av, seier dei aldri skriv arbeidskontaktar utan politiattest.

«Vi har omfattende intervju og referansesjekk på alle som blir ansatt hos oss. Det er likevel ikke alle forhold man klarer å avdekke gjennom dette», skriv den daglege leiaren i e-post til NRK.

Firmaet tilbyr BPA-tenester i 94 kommunar.

Livstrugande situasjon

Trøndelag tingrett skriv at «Anders» var i ein potensielt livstrugande situasjon då han låg med sondeleidninga rundt halsen.

Ved å ta amfetamin før vakta, var risikoen for skade på ungen stor. Guten var avhengig av tiltalte for å få mat og tilsyn, påpeikar retten.

Forholdet er eit grovt brot på helsepersonellova om å ikkje vere rusa på jobb. Straffa, etter ein tilståingsrabatt, bør vere fengsel utan vilkår i 30 dagar, meiner retten.

Den skriv det er «heilt usannsynleg» at huset til tiltalte var eit «medisindepot» for kameraten.

Mengda med Rivotriltablettar kvalifiserer isolert sett til om lag 90 dagar i fengsel.

Dei andre narkotikaforholda, forutan tre ruskøyringar, gjer at Trøndelag tingrett dømer tiltalte til fengsel i fem månader. Han må vere utan førarkort i fire år.

Vil bli sjukepleiar

Hendinga i februar i fjor har prega familien til «Anders». Ifølge mora har dei no to assistentar på vakt samstundes.

– Det viktigaste for meg som mamma er at han (tiltalte) ikkje får jobbe med folk meir.

Då ho var ferdig med å vitne, bad tiltalte henne om orsaking.

Mora forlèt rettssalen utan å svare.

Tiltalte går i samtaleterapi for angst og traume. Han meiner han ikkje treng rusbehandling.

Han ønskjer å fullføre utdanninga som sjukepleiar som han starta på for ein del år sidan.

Siste fra Trøndelag

Midtnytt tirsdag med Elisabeth Strand Mølster

Midtnytt tirsdag med Elisabeth Strand Mølster