Hopp til innhold

Misbrukte stilling for å få sex: Tidlegare miljøarbeidar dømd til fengsel

Mannen er dømd til to år og fire månader i fengsel for å ha misbrukt stillinga si for å oppnå sex. Den eine meddomaren ville frifinne tiltalte.

Den tidlegare pasienten har lange dagar i Trondheim tinghus under rettssaka.

TØFFE DAGAR I RETTEN: Kvinna har byrja eit nytt liv, er i utdanning, men har fått diagnosen PTSD. At det tok lang før saka kom til retten har tatt på, seier bistandsadvokaten.

Foto: Kari Sørbø

Kvinna i slutten av 20-åra var innlagd i psykiatrien mange gonger. Ho fekk god kontakt med tiltalte som jobba på institusjonen som miljøarbeidar.

Dei gjekk ofte tur i nærområdet og ein dag kyssa dei. Etter det utvikla det seg eit intimt forhold som varte halvtanna år, ifølgje pasienten.

Utelukkar falske minne eller fantasiar

saka var oppe i retten i september, avviste tiltalte at han var tiltrukken av pasienten. Han nekta også for å ha kyssa henne. Han vart sjokkert då han fekk vite at ho hadde meldt han til politiet

Fleirtalet i Sør-Trøndelag tingrett utelukkar at forklaringa til fornærma skuldast falske minne. Retten viser til vitneforklaringar frå psykologar og psykiatrar. Den tidlegare pasienten var heller ikkje pådriver i å melde saka til politiet. Det skjedde etter at ein behandlar byrja å spørje om kva som hadde skjedd.

I domen heiter det:

Flertallet har ved bevisvurderingen lagt avgjørende vekt på fornærmedes forklaring. Den er detaljert og nyansert. Hun har fastholdt samme forklaring fra hun første gang fortalte om tiltaltes handlinger og gjennom hele etterforskningen.

Ein meddomar var i mindretal. Meddomaren ser ikkje bort i frå at fornærma kan ha lagt meir i det som skjedde mellom henne og miljøarbeidaren:

Hun var innlagt med tvang, kunne ikke gå og komme som hun ønsket og hadde en ensformig hverdag, som «i en boble». Det kan også ha påvirket hennes oppfatning og tolkning av tiltaltes handlinger til noe mer og annet enn det som var tilfellet.

På denne benken skjedde fleire av overgrepa, ifølgje fornærma.

OFTE PÅ TUR MED TILTALTE: På denne benken skjedde fleire av overgrepa, ifølgje den fornærma.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Stor påkjenning for begge partar

Christian Wiig forsvarer mannen.

– Klienten min har heile tida nekta for alt og har allereie anka domen. Han har vorte utsett for eit enormt press sidan han vart politimeld. Påkjenninga er sjølvsagt ikkje mindre no når han er kjent skuldig, trass i at den eine meddomaren ville frifinne han, seier Wiig.

Erik Widerøe er bistandsadvokat for den tidlegare pasienten. Ho har byrja eit nytt liv, er i utdanning, men har fått diagnosen PTSD.

– Ho er veldig nøgd med at ho er trudd. Det har vore mykje usikkerheit undervegs og saka har tatt lang tid før den kom for retten.

Om at tiltalte ankar og det dermed blir ein ny runde i lagmannsretten, seier Widerøe:

– Det har vi vore budd på heile vegen dersom tiltalte vart dømd.

Tiltalte må også betale oppreisningserstatning på 175.000 kroner til den fornærma.