Hopp til innhold

Dømd til sju års fengsel for valdtekt av fire gutar

I tingretten nekta tiltalte for å ha forgripe seg på fire unge gutar mens dei sov og var fulle. I lagmannsretten vedgjekk han å ha hatt eit forhold til den eine, men ikkje før guten hadde fylt 16 år.

Det hvite stabburet på gården hadde den tiltalte mange fester

FEST I STABBURET: Tiltalte heldt mange festar på stabburet på garden. Fleire gutar melde han til politiet for overgrep mens dei sov og var fulle.

Foto: POLITIET

Mannen i slutten av 40-åra bur på ein gard i ei bygd i Trøndelag. Fire gutar som oppheldt seg mykje på garden melde mannen til politiet uavhengig av kvarandre.

Festar med mykje alkohol

Garden som tiltalte eig var kjent for ope hus med mange festar gjennom fleire år frå 2010. Nokre av festdeltakarane overnatta i huset som hadde mange soverom. Dei fire fornærma hjelpte også delvis til på garden på ulike tidspunkt mellom 2011 og 2016.

I mai dømde Sør-Trøndelag tingrett mannen til fengsel i fire og eit halvt år for å ha valdteke tre av gutane mens dei sov og var fulle.

Mannen nekta straffskuld i tingretten. Han stadfesta stort sett tidspunkta der gutane hadde vore på garden, men avviste at han hadde hatt noko seksuelt med dei å gjere. Rykte på bygda og økonomisk vinning som motiv kunne vere forklaringa på skuldingane mot han, meinte tiltalte.

Han anka domen til lagmannsretten. Torsdag skjerpa den straffa til sju års fengsel.

Fornærma avviser «kjærleiksforhold» til tiltalte

Den eine guten var 15 år då tiltalte skal ha forgripe seg på han mens guten sov og var rusa. I tingretten avviste tiltalte konsekvent skuldingane.

I lagmannsretten endra han forklaring om denne guten. I domen skriv retten om korleis dette vart kjent:

Da hans forsvarer i forbindelse med gjennomgang av en kommunikasjonskontroll av tiltaltes telefon oppdaget at det hadde vært et forhold mellom dem, brøt han imidlertid sammen.

Tiltalte fortalde om eit «kjærleiksforhold» i to år frå 2013. Då hadde guten fylt 16 år. På grunn av den store aldersskilnaden kunne dei ikkje vere kjærastar, ifølgje tiltalte. Den fornærma guten sov ofte på garden, men sa i retten at han aldri hadde frivillig sex med tiltalte. Han er også sikker på at det skjedde første gongen mens han var 15 år.

Frostating lagmannsrett meiner eit eventuelt kjærleiksforhold ikkje gjer handlingane meir lovlege og at det ikkje endrar vurderinga av bevisa.

Mindretalet ved to av meddomarane i Frostating meiner det ikkje kan utelukkast at hendinga skjedde etter at guten hadde fylt 16 år.

Dømt for overgrep også mot den fjerde fornærma

Dei fire fornærma gjentok forklaringane sine i Frostating lagmannsrett då saka gjekk der frå slutten av november. Fleire av dei slit med rus og psykiske vanskar som dei meiner heilt eller delvis skuldast det dei vart utsette for på garden.

I tingretten vart tiltalte frifunnen for eit overgrep mot den fjerde guten. Han var då i 20-åra og overnatta på garden. Han sov på eit rom saman med ei jente. Ho fortalde i retten at ho vakna så vidt av det ho trudde var fornærma som «koste med seg sjølv» under dyna. Ho sovna av igjen og kunne ikkje stadfeste at tiltalte var der.

Den fornærma har ei diagnose som gjer at han har vanskar med å skilje minne. Men lagmannsretten viser til at fornærma har halde fast ved forklaringa si heilt sidan saka vart meld til politiet i 2017.

I og med at tiltalte også blir dømd for dette overgrepet aukar lagmannsretten straffa til sju års fengsel. Det var også påstand frå aktor.

«Eit forbrytersk forsett»

Fleire av overgrepa skjedde i rom på garden der også andre enn tiltalte og fornærma var. Dette viser at tiltalte var villeg til å ta ein stor risiko, meiner lagmannsretten. Om handlingane til tiltalte heiter det i domen:

Lagmannsretten finner etter dette at tiltalte har vist et fast forbrytersk forsett over en lengre periode. Han har forsikret seg om at de fornærmede sov før han forgrep seg på dem i henhold til tiltalen.

Tiltalte er også dømd til å betale oppreisningserstatning på 475 tusen kroner til dei fire fornærma.

– Vi er svært nøgde med at lagmannsretten, i motsetning til tingretten, har vurdert bevisa og ikkje minst alvoret i saka på same måte som påtalemakta.

Det seier aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne til NRK.

Forsvarer Morten Aalberg opplyser at tiltalte er svært vonbroten over domen:

–Domspremissane er mangelfulle på fleire punkt. Vi kjem derfor til å anke til Høgsterett, også på saksbehandlinga, seier Aalberg til NRK.