Hopp til innhold

Forvaringsdømt blir lauslaten på prøve etter 20 år i fengsel

Han er dømt for drap to gonger. I det siste tilfellet var det stedottera som var offeret. Då ho var død valdtok han henne.

Tiltalte i retten under spørsmål om prøveløslatelse fra forvaring

SLEPP UT PÅ PRØVE: Den 60 år gamle mannen som blei dømd til 21 års forvaring, slepp no ut på prøve. Her frå retten i førre veke.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Torsdag kom domen som betyr at mannen i 60-åra blir lauslaten på prøve i løpet av hausten.

I 1987 drap han sambuaren sin i Namsos. Han brukte ein hammar og deretter kvelte han henne.

I 1994 hadde han sona ferdig og flytta saman med ei kvinne i Steinkjer.

Den eldste dottera hennar var elleve år då tiltalte kvelte henne ei septembernatt i 2002.

Deretter valdtok han barnet.

Behandla for tredje gong

Retten meinte det var stor gjentakingsfare og dømde han til 21 års forvaring med ei minstetid på ti år.

I førre veke behandla Trøndelag tingrett for tredje gong spørsmålet om prøvelauslating og om forvaringstida skal forlengast.

I 2020 meinte både kriminalomsorga og fengselet at tiltalte kunne lauslatast på prøve. Statsadvokaten sa nei og fekk retten med på at faren for at tiltalte kunne utføre liknande handlingar var for stor.

Les også Fengsel og kriminalomsorg tilrår at dobbeltdrapsdømt kan bli sett fri på prøve

Drap Steinkjer.

No meiner statsadvokaten og dei rettspsykiatrisk sakkunnige at tiltalte har tatt tak i problema sine. Sidan 2021 har han gått i psykoterapi i eit program tilpassa personar som er forvaringsdømde for grove seksuallovbrot.

Tiltalte hadde også ein jobb utanfor fengselet med meldeplikt kvar dag.

I tillegg har han etablert kontakt med personar i lag og organisasjonar etter råd frå fengselet og Kriminalomsorga.

Aktor og statsadvokat Per Morten Schjetne

Aktor og statsadvokat Per Morten Schjetne i retten i førre veke.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Ei sjølvdestruktiv handling

I retten i førre veke brukte aktor ein del tid på å lese opp frå domen som omhandla drapet og valdtekta i 2002.

Det er ein dom med sterke detaljar om kva 11-åringen vart utsett for.

– Kan du seie korleis dette kunne skje, spurte statsadvokat Per Morten Schjetne.

– Eg var på ein mørk stad i livet når det gjeld depresjon. Eg takla det veldig dårleg, svarte tiltalte.

– Kan du forklare det grenselause i handlinga, spurte Schjetne.

– Det verkar grusamt, eg kan ikkje forklare korleis det vart slik. Det var ei sjølvdestruktiv handling, svarte tiltalte (60).

Strenge vilkår

I domen skriv tingretten at det er ei «reell og kvalifisert fare for gjentaking ved ein eventuell løslatelse utan kontrolltiltak.»

Derfor er det strenge vilkår som må på plass før tiltalte kan lauslatast. Mellom anna rusforbod fordi begge drapa skjedde mens tiltalte var rusa. Eiga leilegheit og ein jobb må også på plass før han kan sleppe ut. Han må framleis søke om permisjon om han skal forlate kommunen.

I tillegg må tiltalte vere open om kvinner som han inngår eit forhold med.

Sjølv om mannen no blir lauslaten på prøve, har retten bestemt at forvaringstida blir forlenga med fem år.