– Vi føler oss generaliserte og feil framstilt i media, seier Selma Mogstad Leraand frå Ungdommens bystyre i Trondheim.
Den siste tida har konfrontasjonar mellom ungdom og politi skapt store diskusjonar i Trondheim. I dag sette dei seg ned for å lytte til kvarandre og prøve å hindre meir bråk.
Det starta med ein kveld ved Hestsjøen på Heimdal der mindreårig ungdom samla seg for å drikke alkohol. Politiet måtte stoppe festen, men det viste seg å ikkje vere ein enkel affære.
Politiet, Ungdommens bystyre, innvandrarorganisasjonar og mangfaldsrådet i Trondheim kommune var torsdag ettermiddag samla på Rådhuset i Trondheim for å diskutere dei seinaste konfrontasjonane og mangelen på tillit til politiet.
– Det var godt å endeleg få prate ut og høyre fleire aspekt ved saka, seier Leraand.
Rastlause under koronakrisa
17-åringen var på plass saman med Aleksander Nessan for å representere Ungdommens bystyre. Dei forsøkte å gje eit svar på kvifor enkelte ungdommar går til angrep på politiet.
VIKTIG MØTE: – Det var godt å endeleg få prate ut, seier Selma Mogstad Leraand, som representerte Ungdommens bystyre saman med Aleksander Nessan.
Foto: Bent Lindsetmo / NRKDei presiserte at ungdommen treng fleire aktivitetar der dei kan møtast, og dei set det i samanheng med pandemien vi er midt oppe i.
– Når det gjeld hendinga ved Hestsjøen trur eg koronakrisa spelte ei stor rolle. Mange har vore mykje inne desse månadane og ikkje hatt så mykje å finne på, seier Leraand.
Sara Shafighi, som tok initiativ til dialogmøtet, trur også at ungdommen har behov for å samlast.
– Folk begynner å bli ganske rastlause, seier ho.
Shafighi er Ap-politikar og leiar i mangfaldsrådet i Trondheim kommune. Ho var sjølv til stades under SIAN-demonstrasjonen tidlegare denne veka.
INITIATIVTAKAR: Sara Shafighi samla Ungdommens bystyre og politiet i Trondheim til dialogmøte for å hindre framtidige konfliktar.
Foto: Bent Lindsetmo / NRKPåverka av USA-demonstrasjonar
Fleire trekker dessutan parallellar til politidrapet på George Floyd i USA, som skapte store opptøyar og meir blest rundt Black Lives Matter-rørsla.
– Videoar frå USA spreier seg på nettet kvar dag. Dei blir delt i hytt og gevær, seier Leraand.
Nessan trur også sosiale medium påverkar ungdommen i stor grad.
– Dei siste månadane har ungdommar vore mykje heime og brukt endå meir tid på nett. Samstundes var det mange demonstrasjonar i USA. Når ein kan sjå videoar frå hendingane fortløpande på nett føler ein at det blir veldig nært, påpeikar 18-åringen.
Leraand trur ikkje det er tilfeldig at situasjonane i Trondheim har oppstått akkurat no.
– Mange har kanskje fått eit meir kritisk syn på politiet i Noreg etter hendingane i USA. Samstundes trur eg dei aller fleste nordmenn har tillit til politiet.
ENGASJEMENT: Både Aleksander Nessan og Selma Mogstad Leraand frå Ungdommens bystyre var einige med politiet om at majoriteten av ungdommar oppfører seg ordentleg.
Foto: Edward Johansen Stenlund / NRKBåde ungdommane frå bystyret og Shafighi er bekymra for at ein samanliknar politiet i USA med det norske politiet.
– Majoriteten driv ikkje med vald og hærverk. Vi kan ikkje konstruere noko som ikkje eksisterer. I Noreg har vi høg tillit til politiet, slår Shafighi fast.
– Korleis skal vi lære folk at ein kan stole på politiet?
– Vi må snakke om det overalt. På skular, i barnehagar, på arbeidsplassar og rundt middagsbordet.
Politiet: – Vi er avhengige av tillit
Politistasjonssjef i Trondheim, Arve Nordtvedt, seier at dei to hendingane den seinaste veka både har overraska og bekymra politiet.
– I dag ville vi kartlegge kva vi saman kan gjere for å hindre at ein konflikt mellom politiet og eit mindretal ungdommar eskalerer.
– Politiet er avhengige av tillit i samfunnet for å få gjort ein god jobb. Om vi ikkje har tillit når vi ikkje fram med dialog, og må bruke makt for å gjennomføre tenesta, legg han til.
Nordtvedt synest dei aller fleste er flotte ungdommar, men peikar på at enkelte har komplekse og samansette utfordringar i livet.
– Det er krevjande for oss å opprette dialog og tillit hos desse ungdommane.
YNSKJER GOD DIALOG: – Vi er avhengige av tillit, seier politistasjonssjef i Trondheim, Arve Nordtvedt.
Foto: Edward Johansen Stenlund / NRKPolitisjefen meiner det har oppstått ein myte om at politiet støttar bodskapet og beskyttar dei som arrangerer ein demonstrasjon. Han er tydeleg på at dette ikkje er politiet si rolle.
– Alle skal få moglegheita til å ytre sine synspunkt. Også synspunkt som mange tek avstand frå.
Han får støtte frå Shafighi.
– Ytringsfridommen er heilt grunnleggjande. Den står i Grunnlova, og den skal vi verne om. Vi må likevel våge å snakke om kor grensa skal gå, for at vi skal kunne leve saman.
Shafighi er glad for at deltakarane på møtet fekk stilt spørsmål til kvarandre og prata ordentleg saman.
– Eg trur vi verkeleg kan spele på lag og hjelpe kvarandre å dra i same retning. Det var nyttig for oss å bli betre kjent. Det er eit kjempeviktig arbeid vi tar fatt på no.