Hopp til innhold

Dialektpris til Victor Sotberg

YouTubar og programleiar Victor Sotberg frå Steinkjer har vunne Dialektprisen 2020. Prisen blir kvart år delt ut av Norsk Målungdom. – Det betyr heilt sjukt mykje for meg. Ikkje berre fordi eg er veldig stolt over mi trønderske dialekt, men fordi eg er glad i dialektar sånn generelt, seier 29-åringen til Norsk Målungdom.

Victor Sotberg debuterer som artist med BlimE-låta 2020
Foto: Svend Even Hærra / NRK