Hopp til innhold

Sjeldan vêrfenomen utset våren

Klarvêr og brå oppvarming i stratosfæren har ført til ein uvanleg kald start på våren fleire stader i landet.

Trondheim

KALD VÅR: Natt til 1. april viste gradestokken -12,6 °C i Trondheim, og dette kan forklarast av ei brå oppvarming i stratosfæren.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kalenderen viser at det er vår. Men det viser ikkje gradestokken.

– Det er kjølige, kalde luftmassar som er over oss no i mars, som har vore ein kald månad, seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

Natt til 1. april var det, på det kaldaste, -12,6 grader i Trondheim og -24,3 grader i Røros.

Oversikt over dei kaldaste temperaturane målt forskjellige stader i Trøndelag, natt til 1. april. Temperaturane er henta frå Meteorologisk institutt.

Temperaturane er kaldare enn det som er normalt så langt utpå våren.

Kaldare enn vanleg

– Det er kjølig i lufta, det er ikkje noko tvil om det. Og det er kaldare enn normalt for denne tida her.

Trondheim i sol

I Trondheim den siste tida har det vore kaldt om natta, men ikkje så kaldt om dagen.

Foto: Elisabeth Strand Mølster / NRK

Mars månad har vore uvanleg kald. Både i Trøndelag og langs resten av kysten i landet. Og det er det fleire grunnar til:

Kjølige luftmassar og klarvêr om natta.

– Då forsvinn all varmen ut frå jorda. Det blir ekstra kaldt når det er klarvêr, forklarar Andersen.

Dei kalde luftmassane kjem frå eit fenomen kalla stratosfærisk oppvarming.

Brå oppvarming i stratosfæren

I februar oppstod det ei brå stratosfærisk oppvarming, og dette forklarar dei kalde temperaturane me opplever no i mars og starten på april.

Men kva er så stratosfærisk oppvarming?

– Det er litt teknisk med det går på sirkulasjon oppe i stratosfæren. Og dette har hatt påverknad på luftmassane i troposfæren, forklarar Andersen.

Illustrasjon av atmosfæren
Illustrasjon: MALIN NYGÅRD SOLBERG / NRK

Temperaturane har sige nedover fordi sirkulasjonen i stratosfæren har stoppa litt opp, og har gjort stratosfæren varmare. Og når dette skjer påverkar det temperaturane me kjenner, i troposfæren.

Og når dette skjer går det nokre veker før det potensielt påverkar temperaturane.

– Dette er noko som skjer innimellom. Og då kan det bli kaldt, og det kan ikkje bli kaldt, legg meteorologen til.

Korleis temperaturane blir påverka har ikkje eit fast mønster. Men når det skjer, så kan det bli kaldare. Og sist gong stratosfærisk oppvarming gav oss kalde temperaturar var vinteren 2009/2010.

– Då gav det oss ein veldig kald vinter, seier Andersen.

Les også Berømmes for å være motpol til utstyrsjag

Jens Kvernmo

Vêret i tida framover

Det er ingen fasit på kor lenge temperaturane er påverka av oppvarminga i stratosfæren, men det blir kaldt framover også. Så skal det skye litt til, og då kjem vårtemperaturane.

– Natt til 2. april kan det bli kjølig att, men så ser det ut som me får litt meir skyer og ikkje så kalde luftmassar.

Les også Fjellrevsøstre stakk fra Sylan til Trondheim