Hopp til innhold

– Det er ikkje utdanninga som gir deg jobb

Nyutdanna Silje Lundh var arbeidsledig i åtte måndar før ho var på sitt første jobbintervju.

Silje

Silje Lundh har ein master i media, kommunikasjon og IT. Ho meinar arbeidsgiverar har for høge krav til erfaring.

Statens lånekasse for utdannning tilbyr stipend og studielån for at studentar skal fokusere på studiene. Men om ein skal følje karriereveileder ved NTNU, Anette Lindi sitt tips, bør ein likevel nytte studietida si til å ha ein deltidsjobb

– Det er ikkje utdanning som gir deg jobb, men utdanning kombinert med anna erfaring. Det kan være frivillig arbeid eller deltidsjobb. Det er med erfaring ein skaffar seg ein karriereveg, sier Lindi.

Kresen

Thomas Mjølhus, avdelingsleiar for Nav Østbyen i Trondheim, meinar arbeidssøkerar ikkje kan være kresne på kva jobb dei tek, når dei er på veg ut i arbeidslivet.

– Første tips for å få jobb er å være villig til å flytte. Det er spesielt vanskelig å få jobb i ein by der det er høgskule og universitet.

Anette Lindi

Karriereveileder Anette Lindi meinar studentar er avhengige av erfaring

Ein bør i følje Lindi tenkje alternativt:

– Ein kan nytte kunskapen sin innan andre fagfelt enn det ein er utdanna innan. Ein treng ikkje å jobbe som historikar sjølv om ein har studert historie. Ein kan til dømes bruke historiekunskapen sin til å bli skribent.

Avslag

Våren 2015 var Silje Lundh ferdig med masterutdanning i media, kommunikasjon og IT. Ho byrja å søke jobb før ho var ferdigutdanna.

Likevel tok det åtte måndar før ho vart kalt inn til sitt første intervju.

– Det er tøft å få avslag på avslag. Eg trudde ikkje det kom til å ta så lang tid før eg fekk meg jobb.

Avvikla stilling

Lundh gjorde som både Nav og karriereveilederar anbefalar. Ho søkte på ulike type jobbar – også i distrikta.

Ho søkte på eit vikariat innan skulesektoren, fekk ho vite at det kun var to søkerar på jobben. Ho tenkte at ho hadde ein sjangse for få stillinga. Det endte med at stillinga vart avvikla, på grunn av ingen kvalifiserte søkerar.

– Eg tykkjer det er merkeleg at dei avviklar ei stilling utan å ein gong kalle inn dei to kandidatane på intervju.

Ho er frustret over høge krav.

– Det er eit ønske om store mengder arbeidserfaring, men ein kan ikkje få denne erfaringa før ein får ein jobb. Så det er problematisk å finne dei som ynskjar å ansette dei som er uerfarne.

Vil imponere

Lundh meinar at arbeidsgiverar bør senke krava.

– Det er viktig å sjå mogleghetene hjå dei nyutdanna. Vi har lyst å imponere og vise kva vi kan. Vi har kanskje ikkje mykje erfaring, men vi har mykje å gi.

Det var rundt juletider at Lundh fekk jobb, gjennom eit bemanningsbyrå.

– Eg anbefalar alle å søke hjelp med å finne arbeid, om ein slit sjølv.