Hopp til innhold

Derfor fekk kjendisadvokaten bot – freista å bite sjukepleiar

I rusa tilstand, stod han fram aggressivt og høglydt. Då Trondheimsadvokat Christian Wiig skulle flyttast over på ei båre, freista han å bite ein sjukepleiar i armen og slå eller sparke etter legen som skulle undersøkje han.

Advokat Christian Wiig

Den profilerte Trondheims-advokaten Christian Wiig (73) må i februar møte i Sør-Trøndelag tingrett for ordensforstyrring på St. Olavs Hospital som enda i arresten.

Foto: Joar Elgåen / NRK

Slik blir framferda til kjendisadvokaten omtala i førelegget som politiet i Trøndelag gav Wiig 4. oktober, men som pressa først no har fått tilgang til.

Førelegget er gitt med bakgrunn i paragraf 181 i straffelova for i "selvforskyldt rus å ha forulempet eller voldt fare for andre."

NRK fortalde før jul om Wiig sin tur på byen i Trondheim, i september i fjor. Ein laurdagskveld som enda på legevakta etter eit fall.

Skal forsvare seg sjølv

Sidan Wiig meiner fallet skuldast blodtrykksfall og ikkje rus og at han ikkje hugsar kva han sa eller gjorde, nektar han å betale bota på 8000 kroner. Om framferda hans på legevakta seier Wiig i dag:

– Dette viser jo berre at eg ikkje var medveten. Eg har aldri vore fysisk aggressiv.

Forsvarsadvokaten opplyser at han skal føre mange vitne i den to dagar lange rettssaka i Sør-Trøndelag tingrett. Og at han skal vere sin eigen forsvarar.

To dagars rettssak med 14 vitne

Saka har vorte omberamma fleire gonger fordi partane har vore opptatt med andre saker. No ser det ut til at saka kan gå frå 26. til 28. februar.

Etter det NRK forstår, skal Wiig føre tolv vitne, mellom andre fleire som skal fortelje korleis blodtrykksfall opplevast.

Frå aktoratet blir det litt færre vitne. Men både sjukepleiaren og legen ved St. Olavs Hospital som behandla Wiig, skal forklare seg om korleis dei opplevde advokaten som pasient.

Aktor blir statsadvokat i Hedmark og Oppland, Thorbjørn Klundseter.

Legevakta ved St. Olavs hospital, som dekker Trondheim og flere nabokommuner

Forsvarsadvokaten laga så mykje støy og oppførte seg på ein slik måte at legevakta fann det best å tilkalle politiet. Dermed enda Wiig i arresten på politihuset.

Foto: Morten Andersen / NRK