Hopp til innhold

Demidov blør for drakta uansett

Vadim Demidov har berre kontrakt med Rosenborg til nyttår, men ingen kan skulde han for ikkje å gi alt for klubben.

Video Glad Demidov

Onsdag kveld scora han kampens andre mål, då Rosenborg knuste svenske AIK 3-0 heime på Lerkendal.

Sjå bildene: Rosenborg - AIK

– Eg har sagt til RBK at eg alltid gir 100 prosent. Eg har kontrakt eit halvt år til og er profesjonell med tanke på det. Ingen kan seie at eg ikkje blør for drakta, seier Vadim Demidov til NRK.no.

Real Sociedad

Vadim Demidovs kontrakt går ut med Rosenborg etter sesongen og han kan no fritt forhandle med nye klubbar.

Den spanske nyopprykka klubben Real Sociedad prøvde tidlegare i sommar å sikre seg forsvarsspelarens underskrift, men budet på 1,2 millionar kroner blei kontant avslått av Rosenborg.

Etter det, har det vore stille på budfronten rundt 23-åringen.

(Artikkelen held fram under bildet)

Vadim Demidov jubler etter 2-0

Vadim Demidov og resten av Rosenborg jublar etter 2-0 over AIK onsdag kveld.

Foto: Alley, Ned / Scanpix

Artig med Eggen

Rosenborg er i scoringsform og kan notere sju mål på dei to siste kampane.

– Det er veldig artig med gutane og Nils no, så eg får berre kose meg, seier Demidov.

Han får støtte frå lagkamerat Mikael Lustig.

– Det er godt å vite at vi er gode på å lage mål og vi at gjer det mot eit lag som er sterke defensivt, seier Lustig.

Vadim Demidov blei også forrige veke tatt ut i landslagstroppen som skal møte Frankrike på Ullevaal 11. august.