Hopp til innhold

Politiet kom på døra med bestemor – ublid velkomst enda med fengsel

Ei demenssjuk bestemor på vidvanke, enda med at sonen må sone 16 dagar i fengsel. For då politiet kom heim med den attfunne, nesten 90 år gamle kvinna, vart stemninga amper i familien.

Trondheim Tinghus

FAMILIEKRANGEL: Forklaringa på familiens sinne, var at bestemora skulle ha vist meir enn platoniske kjensler for ein mann som var inngift i familien.

Foto: Kjartan Ovesen / Nrk

Ei novembernatt i fjor, ringde ein person til politiet i Trondheim. Meldaren hadde oppdaga ei eldre, «forvirra» og tynnkledd kvinne som ringde på fleire dører i området.

Ei politipatrulje kom for å finne ut kvar kvinna budde, ein polsk tolk vart ringd opp og via nettsøk fann politiet fram til adressa. Den viste seg å vere berre eit par minutts gonge unna.

Ingen opna då politiet ringde på. Men døra var ulåst og kvinna gjekk sjølv inn i leilegheita med politiet på slep. Alle i familien låg og sov, men dei fleste vakna etter kvart.

Likevel var det lite glede å spore hos familien då dei oppdaga den attfunne bestemora. Både son, dotter og eit vakse barnebarn stod fram aggressive, med eit trugande kroppsspråk mens dei kjefta på kvinna på morsmålet.

Var redd bestemora kunne bli utsett for vald

I domen frå Sør-Trøndelag tingrett står det:

«Politibetjentene forstod ikke hvorfor alle var så sinte på henne.»

Telefontolken var heldigvis framleis tilgjengeleg. Etter kvart fekk patruljen forklaringa på den heller lunkne velkomsten:

Bestemora på nesten 90 skulle same dagen ha avslørt meir enn platoniske kjensler for ein mann som var inngift i familien.

Vedkomande låg framleis og sov, uvitande om krangelen som gjaldt han.

Politiet i arbeid.

AMPER STEMNING: Patruljen med dei to betjentane vart etter kvart forsterka med ein overbetjent for å roe ned situasjonen. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Sidan konflikt- og støynivået allereie var høgt i leilegheita, bestemte patruljen seg for å la mannen sove vidare. Men politiet vurderte det slik at bestemora kunne bli utsett for vald dersom ho vart verande og bestemte derfor at ho skulle akuttplassert ein annan stad.

Patruljen med dei to betjentane vart etter kvart forsterka med ein overbetjent for å roe ned situasjonen. Det motsette skjedde, og politiet arresterte då barnebarnet og sette på han handjarn.

Då far og tante oppdaga dette, freista dei å hindre politiet i å ta han med seg. Ein av betjentane vart dytta bakover av faren, som deretter sette seg kraftig til motverje då han vart lagt i bakken av dei tre politifolka i fellesskap.

– Kom borti politibetjenten ved eit uhell

Nyleg møtte sistnemnde i Sør-Trøndelag tingrett, tiltalt for ved vald og trugsmål å ha hindra politiet i å utføre arbeidet sitt.

Tiltalte nekta straffskuld. Forsvararen meinte klienten måtte frifinnast fordi han kom bort i politibetjenten ved eit uhell. Retten trudde ikkje på forklaringa og viste til at tiltalte oppførte seg trugande før dyttinga.

Ein dom etter § 155 i den nye straffelova skal vanlegvis gje fengsel utan vilkår. Unntaka er spesielle forhold. Retten fann ingen slike, snarare tvert imot:

«Politiet oppsøkte tiltalte og hans familie utelukkende med gode intensjoner», heiter det i domen.

Straffa vart 18 dagar i fengsel, minus to dagar for varetekt. Mannen må også betale 5000 kroner i sakskostnader.

Bestemora kom frå heimlandet same dagen

Det kom fram i retten at familien tidlegare på kvelden hadde hatt ei «sosial samkome» for å feire at mellom andre bestemora hadde kome tilbake frå heimlandet same dagen.

Det går ikkje fram av domen om familien hadde oppdaga at den eldste forlèt selskapet og gjekk ut i novembernatta i Trondheim. Før politiet stod på døra.