Hopp til innhold

Dei har 1500 planter i hagen

Sundag var hagen til Perly og Øyvind Olsen open for publikum på Hageselskapet sin årlege dag for opne hagar.

Perly og Øyvind Olsen i Verdal har en hage med 1500 planter.

– Det var veldig mykje arbeid! Så det var berre til å setje i gang og få det gjort, seier Perly Olsen.

I hagen hennar på Ørmelen i Verdal har ho og mannen Øyvind 1500 planter.

– Då vi kjøpte huset i 2005, var det berre ein dårleg plen her. Vi byrja å byggje ut i 2007 med litt blomar og sånn. Så tok vekk heile plenen, og no ser det slik ut.

I fjor blei hagen kåra til den flottaste i Norden. Premien var på 45.000 kroner.

– Det er ikkje plass til meir her no, så hagen er vel ferdig utbygd, seier Øyvind til verdalingen.no.