Hopp til innhold

Vil gje NTNU bot etter «alvorleg personvernbrot» mot Øyvind Eikrem

Datatilsynet meiner NTNU ikkje hadde rettsleg anledning eller grunngitt mistanke til å gå inn i Øyvind Eikrems e-postkonto før avskjedssaka mot han.

Øyvind Eikrem i døråpning til NTNUs hovedbygning på Gløshaugen i Trondheim.

Øyvind Eikrem i døropning til NTNUs hovudbygning på Gløshaugen i Trondheim.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Datatilsynet ilegger eit gebyr på 150.000 kroner og slår fast at NTNU ikkje har greidd ut for kvifor dei skulle ha ein grunngitt mistanke til å gå inn i e-postkontoen, melder Khrono.

NTNU presiserer overfor NRK at det er snakk om eit varsel om eit gebyr som det er moglegheit for å klage på.

Ifølgje Khrono skal Datatilsynet sjå på dette som eit alvorleg personvernbrot.

Eikrem og NTNU kom til forlik som enda med at førsteamanuensen sa opp og avskjedssaka vart avslutta.

NTNU og deira advokatar tok seg i fjor sommar inn i Eikrems e-postkonto og opna 80 e-postar. Eikrem og hans advokatar protesterte på det. NTNU gjorde undersøkingane for å finne bevis for at Eikrem sto bak ein omstridt konto i sosiale medium, noko Eikrem har avvist.

Roar Tobro

Organisasjonsdirektør ved NTNU, Roar Tobro.

Foto: Privat

NTNU: – Tolkar jussen annleis enn vi har gjort

Organisasjonsdirektør ved NTNU, Roar Tobro seier til NRK at det er snakk om eit førehandsvarsel som dei kan kommentere på før 7. januar. Tobro fortel at NTNU framleis ikkje har tatt ei avgjerd på om dei vil klage på vedtaket.

Datatilsynet har handtert 4 ulike klager. Brevet svarar på alle fire. Tre av dei vart avviste, fortel Tobro.

– Datatilsynet tolkar jussen annleis enn vi har gjort med tanke på den fjerde klagen. Vi har fått ein frist til 7. januar for å kome tilbake til Datatilsynet med eit svar. Dei har heilt tydeleg ei anna lovtolking enn det vi har lagt til grunn. Dette blir interessant å gå inn i, seier Tobro.

Meiner NTNU ikkje hadde lov å lese e-postar

Når NRK kontaktar Datatilsynet viser dei til at saka er unntatt offentlegheit etter reglane om teieplikt for varsling til offentleg myndigheit i arbeidsmiljølova. Dei viser oss vidare til sine nettsider der dei skriv:

«Vår foreløpige konklusjon er at universitetet da innsynet ble gjort ikke oppfylte vilkåret om å ha en begrunnet mistanke om at arbeidstakeren hadde brukt e-postkassen til handlinger som medfører grovt pliktbrudd eller kan gi grunnlag for oppsigelse eller avskjed. Personvernforordninga sitt krav til rettslig grunnlag var dermed ikke oppfylt.»