Hopp til innhold

Har måtte koke drikkevatnet i over ein månad

I Høylandet kommune har folk hatt påbod om å koke drikkevatnet sitt i over ein månad no. Det er ein uhaldbar situasjon meiner sjølv dei tilsette i kommunen.

Høylandet kommune har hatt kokepåbud av drikkevannet i over en måned.

Liv Flått

VIL VITE: Liv Flått saknar informasjon om vassituasjonen i kommunen.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Folk i Høylandet kommune betaler for tenester dei ikkje får.

Det seier Liv Flått som jobbar ved omsorgsbustadane i kommunen.

– Informasjonen er dårleg, og me veit ikkje kor lenge dei skal halde på, fortel ho.

På grunn av den tørre våren og sommaren og høgt vassforbruk, har kommunen måtte koble seg til ei ekstra vasskjelde.

Men vatnet der er ikkje like reint som det vanlege drikkevatnet, og folk må derfor koke det for å vere sikre på å ikkje bli sjuke.

Det har dei måtte gjere i over ein månad no.

LES OGSÅ: Dårlige rør gir kloakk i drikkevannet

Mykje jobb for få dropar

– Eg må gjere det, eg toler jo ikkje noko anna. Det er litt ekkelt, og plagsomt å måtte gjere det.

90 år gamle Hildur Aar bur på omsorgsbustaden i kommunen.

For ho er det tungt å måtte løfte på mugger og kanner heile tida som ikkje er så sterk i hendene lenger.

– Det er ikkje så enkelt, seier ho.

LES OGSÅ: Famler i blinde etter helsefarlig blykilde

Håpar på løysing i løpet av hausten

– I august-september kjem me til å setje i gang boring etter nye grunnvasskjelder. I tillegg skal me koble oss på ei ekstra grunnvasskjelde for å få opp kapasiteten.

Det seier Arne Jørgen Påsche i Teknisk etat i kommunen.

– Me satsar på ei løysing i løpet av hausten, men håpar me får det til tidlegare.

Teknisk etat tar heile tida prøver av vatnet for å sjekke om det er drikkande.

– Den dagen me ser at det ikkje er problem med bakteriar lenger, vil me oppheve kokepåbodet.

Arne Jørgen Påsche

TESTAR JAMNLEG: Arne Jørgen Påsche i Teknisk etat i Høylandet kommune testar vatnet i den ekstra vasskjelda ofte for å sjå om det blir drikkeklart.

Foto: Eivind Aabakken / NRK