Ingen vil ta ansvaret for den dårlege sikringa på Nedre Elvehavn i Trondheim.
Det er Redningsselskapet som hevdar at tryggleiken er for dårleg både utanfor Nedre Elvehavn i Trondheim og på andre sida av restaurantane.
Inger Korshavn
- Det bør gjerast noko på dette området for her manglar det både gjerde, leidere og livbøyar, seier organisasjonssekretær Inger Korshavn i Redningsselskapet Trøndelag.
Det er særleg tryggleiken kring Rica Nidelven Hotel som uroar Korshavn.
- Barn er kjappe og du veit aldri kva som kan skje. Eg tenkjer med gru på at barn kan falle i vatnet og bli liggjande der. Vi må gjere noko og finne dei ansvarlege.
Ingen tek ansvar
Det var ikkje lett å finne ut kven som har ansvaret for tryggleiken ved sida av Verftsbrua.
Rica Nideleven Hotel var ikkje tilgjengeleg for kommentar, mens hamnekaptein Sigurd Kleven seier at Havnevesenet ikkje er ansvarlege for dette. Han meiner at dette er kommunen si oppgåve. Men også i kommunen er dei usikre på kvar ansvaret ligg.
Produksjonssjef Svein Sjøvik i Trondheim Bydrift seier dei vil prøve å ordne opp.
- Vi har gjort undersøkingar for å finne ut kven som har ansvaret, men vi har ikkje lukkast. No vil vi ta kontakt med Trondheim Havn, Rica Nidelven Hotel og Nedre Elvehavn AS for å diskutere problemet, seier Sjøvik.
På den nye tribunen ved Verftsbrua manglar det sikring.