Hopp til innhold

D.D.E-manager om ny Spellemannpris: – Tullete

Ingen blir tvinga til å nominere seg i den nye kategorien, svarar Spellemann.

Eskil Brøndbo, trommis og manager i D.D.E er kritisk til Spellemann sin nye kategori.

KRITISK: Eskil Brøndbo sitt band D.D.E. vart kåra til «Årets spellemann» under Spellemannprisen 1996 og fekk«Hedersprisen» under Spellemannprisen 2018.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Artistar som Staysman, Halva Priset og Vidar Villa toppar streaminglistene, men kanskje ikkje topp-ti-listene når musikkmeldarar gjer opp status over favorittlåtane sine.

No vil Spellemann gjere meir stas på slike artistar ved å etablere ein ny kategori før neste års spellemannutdeling. Den skal enkelt og greitt heite «Festmusikk».

Festmusikk er ein av fleire endringar i kategoriane til Spellemann 2021.

Både Staysman og Carina Dahl er positive til den nye kategorien, skriv VG.

Eskil Brøndbo, trommis og manager i D.D.E er derimot kritisk.

DDE

Eskil Brøndbo, jobbar til dagleg som trommis og manager i D.D.E.

Foto: Line Berre

– Tullete

– Det er tullete at dei kjem med ein slik kategori når det allereie finst eigne prisar for sjangrane som desse artistane høyrer til, som pop og rock, seier Eskil Brøndbo til NRK.

Han uttalte seg først om dette i Namdalsavisa.

– Eg synest omgrepet festmusikk famnar for bredt. Det er mange som kan gå inn i den smørja der, seier Brøndbo.

Han liker ikkje at artistar med stort publikum som kanskje ikkje er like populære blant kritikarane no får sin eigen kategori.

– Eg har følgt med på Spellemann sidan eg var liten gut, då var eg stolt over bransjen, men det er eg ikkje no, seier Brøndbo.

Han meiner den norske musikkbransjen har mykje å lære av den svenske.

– I Sverige er bransjen stolt av slik musikk, seier han.

Blir ikkje tvinga

Presseansvarleg i Spellemann, Simen Eidsvåg minner om at det er artistane sjølve som melder seg på dei kategoriane dei ønskjer å bli nominerte i til Spellemann.

– Ingen blir tvinga til å nominere seg i Festmusikk-kategorien, seier han.

Den nye kategorien er eit forsøk på å løfte fram artistar som spenner om fleire sjangrar, og derfor har vore vanskeleg å kategorisere tidlegare, forklarar Eidsvåg.

– Spellemann har sett at dette er ein populær stil som stadig veks. Vi prøver å finne ein måte å løfte opp og anerkjenne desse artistane, som vi gjer med alle andre spelemannsprisar.

Simen Idsøe Eidsvåg

Simen Eidsvåg, presseansvarleg i Spellemann.

Foto: Einasr Aslaksen / Pudder Agency

– Gjer de dette fordi desse «festartistane» ikkje ville nådd opp i andre kategoriar?

– Eg trur tilbakemeldingane frå juryane har vore at det er vanskeleg å vurdere dei på likt grunnlag. Derfor kom bransjen med eit initiativ til å skape ein ny kategori der ein blir vurdert på eit likare grunnlag, seier Eidsvåg.

– Er dette ein måte for Spellemann å også inkludere artistane som har skyhøge streamingtal?

– Dei med låge streamingtal er også velkomne i denne kategorien, men vi har sett at det er ein populær stil over heile landet, svarar Eidsvåg.