Hopp til innhold

Byåsen-elevar får krisehjelp

Mandag morgon må leiinga ved Byåsen skole i Trondheim forklare elevane kvifor to av jentene på skulen ikkje lenger er blant dei.

 

 

Minnestund for byåsenjenter
Foto: Ståle Tonning / NRK

Klokka 07.45 mandag morgon samlar rektor ved Byåsen skole, Wenche Kjellby Nesset, lærarane til eit heilt spesielt personalmøte.

Dei skal diskutere korleis ein på best muleg måte forklarar at det dei først trudde var ein ulykkesbrann på Byåsen, no har endra seg til å bli ei drapssak der ei mor først tok livet av døtrene sine, så seg sjølv.

- På møtet vil vi ha med representantar frå kommunens barne- og familieteneste, helsesystre og prestar. Saman skal vi diskutere korleis vi skal møte barna og alle spørsmål dei måtte ha. Det er veldig viktig å halde fokus på barna, seier rektor ved Byåsen skole, Wenche Kjellby Nesset, til NRK Trøndelag.

Prestane blir med

Dei to jentene som blei drepne var ni og elleve år gamle og gjekk i 4. og 6. klasse ved Byåsen skole. Når elevane kjem på skulen klokka 0800 mandag morgon, vil dei bli tatt med i "lyttekroken".

- Vi vil snakke med elevane i dei to klassetrinna som er rørt av tragedien aller først. Her vil klasselæraren og ein prest fortelje kva som har skjedd og svare på spørsmål barna har. Elevane i dei andre klassane skal vi snakke med etterpå, seier Nesset.

Ho legg til at lærarane vil rapportere tilbake og at skulen fortløpande vurderer om det er trong for samtalegrupper utover dagen.

Reagerer ulikt

 

Venner foran huset der tre personer ble funnet døde

Medelevar har vore ved huset og lagt ned blomar.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

 Skulen vil på best muleg måte prøve å gjere kvardagen så normal som muleg for elevane. Ifølge rektor reagerer dei ulikt på det som har skjedd.

- Vi ser at nokon er triste og ber på mykje sorg. Vi skal skolere alle lærarane slik at dei er i stand til å møte spørsmåla og gjere dagen best muleg for elevane, seier Nesset.

Til VG forklarar undervisingsinspektør ved skulen, Geir Auset, at skulen er bekymra for elevane.

- Vi ha fått meldingar om barn som ikkje tør overnatte hos andre elevar. Dette er signal vi må ta på alvor, seier Auset til avisa.

Sjokk i nærmiljøet

Det var like før klokka 18.00 onsdag ettermiddag ei mor og hennar to døtre blei funne døde i ein einebustad på Byåsen.

Fredag fekk politiet den førebelse obduksjonsrapporten som slo fast at dei tre mest truleg døydde av kullosforgifting og at dette handlar om at mora først har tatt livet av døtrene sine, og så seg sjølv.

Tor Singsaas er prest i Byåsen prosti. Han har dei siste dagane opplevd mykje sorg i lokalmiljøet.

- Skilnaden mellom lykke og stor sorg er veldig kort og det går nært inn på oss alle. Marginane er små frå å vere eit lykkeleg menneske til å bli dratt inn i eit drama der du mistar all kontroll, seier Singsaas til NRK Ukeslutt.

Snakk med barna!

Presten legg til at det er viktig og snakke med barna og forklare dei at dette ikkje er noko som skjer i ein vanleg familie.

- Det er viktig å vere opne og fortelje dei at det har skjedd ei tragisk hending, at dette er frykteleg og at dette ikkje vil skje dei, seier Singsaas.