Hopp til innhold

Fleire gjer som Stian – fyller handlekorga med «gamle» bananar og salatar

Dei kan vere både brune og litt shabby. Men det bryr folk seg lite om. Matbutikkane sel no tonnevis av frukt og grønt som elles ville vorte kasta.

Stian Johannsen

TONNEVIS: Stian Johannessen plukkar gjerne med seg grønsaker eller frukt som er litt overmoden til ein billig penge. Sidan i sommar har Coop selt 65 tonn frukt og grønt som elles ville vorte kasta.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Ved kassa med litt overmoden frukt og grønt til nedsett pris, har Stian Johannessen plukka med seg eit salathovud. For han har det ingenting å seie at salaten ikkje har datomerking.

– Det er berre å bruke auga. Då ser ein jo om varene er bra. No som prisane stig, renta går opp og alt blir dyrare, er det heilt topp at ein kan få kjøpe varer med kort haldbarheit til ein lågare pris.

Og det er mange som tenkjer og gjer som Johannessen.

Frukt

Mykje av den overmodne frukta butikkane no sel til redusert pris har tidlegare vorte kasta og brukt til dyrefôr.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Tonnevis

I løpet av det siste halvåret har matvarekjeda Coop selt mengder av «gamle» grønsaker. Så mykje som 65 tonn.

Det kan vere bananar som byrjar bli litt brune, flekkete tomatar eller frukt som ser litt annleis ut.

Frukta og grønsakene kan folk plukke frå såkalla matreddar-kasser, og prisen er kraftig redusert. Varene som tidlegare vart kasta, har vorte svært populære.

– Det er heilt opplagt at den økonomiske situasjonen for ein del har vorte tøffare. Og det har nok vore eit spark bak til folk om å kikke etter billigare varer i butikken, seier kommunikasjonssjef i Coop Norge, Harald Kristiansen.

Fleire av butikksjefane han har prata med seier kassene blir tømde på kort tid.

Kjøper du gammal frukt og grønnsaker?

Unngår at det blir dyrefôr

Butikkjeda Kiwi vil ikkje vere noko dårlegare. Også dei har eit liknande opplegg.

Kor mykje overmoden frukt og grønt dei vil selje, har dei førebels ikkje rekna på. Men dei reknar med at det vil bli snakk om tonn.

– Vi har nettopp starta, og det har allereie vorte veldig populært. Vi tener ikkje noko på dette salet, men det er mykje betre enn at frukta og grønsakene går i søppeldunken og blir brukt som dyrefôr.

Det seier butikksjef Hai Dong Lieu ved Kiwi i Steinkjer.

Han meiner også at ein stadig tøffare økonomi bidreg til å gjere denne typen tilbod endå meir populær. Dette har dei også merka ved at dei sel meir brød frå dagen før til redusert pris.

Hai Dong Lieu

Butikksjef Hai Dong Lieu ved Kiwi Nordsia i Steinkjer meiner folk både tenkjer miljø og pengar når dei handlar og derfor også vel å kjøpe frukt og grønt som er litt eldre.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Ingen helsefare

Kiwi og Coop er ikkje dei einaste butikkjedene som har skjønt at folk gjerne betaler for overmoden frukt. Også hos andre matkjeder finn ein liknande tilbod.

Anne Mette Wigdahl Østeraas

Ifølgje seniorinspektør og fagrådgivar Anne Mette Wigdahl Østeraas hos Mattilsynet er det ingen grunn til å vere redd for å ete frukt og grønt som er litt gammal.

Foto: Morten Andersen / NRK

Hos Mattilsynet fortel seniorinspektør og fagrådgivar Anne Mette Wigdahl Østeraas, at ho også er ein av dei som gjerne kjøper ein banan eller noko anna frå kassene med «gammal» frukt og grønt.

– Vi kan ikkje sjå at det er noko stor helsefare med å ete frukt og grønt som ikkje lenger er fersk. Men mugg og ròten frukt skal ein sjølvsagt ikkje ete, seier ho.

Østeraas meiner derfor butikkane må vere påpasselege med å fjerne varer som har fått mugg på seg eller er i dårleg forfatning.

Men dei treng ikkje fjerne alt i pakken. I ein druepakke kan det ifølgje fagrådgivaren vere nok å fjerne dei druene som har mugg.

Spagetti

Mindre pengar blant folk gjer at fleire og fleire plukkar med seg matvarer som snart går ut på dato og der prisen er sett ned.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Vil halvere matsvinnet

Ifølgje Mattilsynet er det ingen eigne reglar for sal av varer utan datomerking. Dei har heller ikkje eigne kontrollrutinar for dette. Men dei stiller krav til at butikkane har rutinar for å fjerne frukt og grønsaker som ikkje lenger er mat.

– På frukta så ser du at ho er dårleg i motsetning til på andre varer. Er det emballerte varer kan det vere vanskelegare å sjå, seier Østeraas.

Dei fleste matkjedene jobbar no systematisk for å få ned matsvinnet, og matkassane med frukt og grønt til nedsett pris er ein del av det arbeidet.

Kiwis mål er ifølgje kommunikasjonsrådgivar Nora Mile Helgesen, å redusere matsvinnet på frukt og grønt med 60 prosent.

Halvering av matsvinn er også eit mål alle daglegvarekjedene samarbeider om å nå. Målet er å klare det innan 2030.

Les også Bekymra OL-mester – frykter foreldre ikke har råd til å sende barna på idrettsbanen

Jørgen Graabak hilser på publikum i Granåsen