Hopp til innhold

Her er Rita tilbake bak rattet etter busstreiken: – Det er bittert

8500 streikande bussjåførar kunne i dag vende tilbake på jobb. Det var blanda kjensler blant sjåførane.

Rita Toen

– BITTERT: Bussjåfør Rita Toen i Bergen var ikkje fornøgd med utfallet av streiken.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Etter ti dagar med streik blei partane i busstreiken einige torsdag morgon. Frå klokka 12 i føremiddag kunne bussane endeleg rulle ut på vegane igjen.

– Det er veldig bra for alle kundane våre som skal ut og reise, så dette er vi glade for alle saman, seier Grethe Opsal, direktør for kommunikasjon og drift i transportselskapet AtB.

Buss AtB Trondheim

TRONDHEIM: Torsdag klokka 12 gjekk bussane som normalt igjen etter busstreiken som har vart i 10 dagar.

Foto: Eva Ersfjord / NRK

Delte meiningar

Det var brot på forhandlingane mellom NHO Transport og Spekter på arbeidsgjevarsida, og Yrkestrafikkforbundet, Fellesforbundet, Jernbaneforbundet og Fagforbundet på arbeidstakarsida som førte til streik.

NRK var til stades på Skyss sin store bussparkering på Haukås, nord i Bergen, då streiken gjekk mot slutten. Her var det blanda kjensler om utfallet av forhandlingane. Ikkje alle var nøgde.

– Det er veldig delte meiningar om dette. Det trur eg ikkje gjeld berre her i Bergen, men i heile landet, seier Helge Myking.

Han sto sjølv på parkeringsplassen og passa på at ingen bussar køyrde ut frå plassen før klokka var 12.

Helge Myking

TILBAKE PÅ JOBB: Helge Myking, fagforeiningsleiar for YTF Bergen Nord passa på at ingen bussjåførar køyrde før klokka 12 i føremiddag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ein av dei som sat klare då var bussjåfør Rita Toen. Ho blei ein av dei første sjåførane ut på vegane i Bergen då streiken var over.

Men det var med blanda kjensler ho starta motoren klokka 12.

– Det er litt bittert å gå tilbake på jobb, fordi resultatet var mykje dårlegare enn vi hadde ønskt. Vi får sjå kva som skjer vidare, seier ho til NRK.

Ho fortel at passasjerane har vore svært støttande under streiken.

– Vi er sikkert veldig velkomne tilbake likevel. For deira del, seier ho.

Og det har ho rett i.

– Du ser kor mange som er avhengige av bussen. Samstundes må ein skjøne at dei som streikar ikkje streikar utan grunn, seier busspassasjer Asbjørn Thon i Bergen.

– Ikkje fornøgde

Heller ikkje i Trondheim var bussjåførane spesielt fornøgde med utfallet.

I ei pressemelding frå Yrkestrafikkforbundet står det at lønnsoppgjeret for bussjåførane inneber eit generelt tillegg på fem kroner og femti øre. I tillegg kjem eit fagbrevtillegg på éi krone i 2020.

Magne Kråkvik

MISFORNØGD: Magne Kråkvik er nestleiar i klubben til Tide. Han er ikkje fornøgd med utfallet av streiken.

Foto: Eva Ersfjord / NRK

– Vi er ikkje fornøgde i det heile tatt. Kravet var 20 kroner, og når vi sit igjen med fem kroner og femti øre er vi ikkje fornøgde, seier Magne Kråkvik, nestleiar i klubben til Tide.

Bussjåfør Jan Sætervang var glad for å vere tilbake på jobb i dag.

– Eg har sakna å køyre buss. Det var eit heilt greitt oppgjer. Vi kan kanskje ikkje forvente å få alt på ein gang, seier han.

Avtalen skal no til uravrøysting blant medlemmane i fagforeiningane.

Dyrt med elsparkesykkel til skulen

For studentane var det kjærkome for økonomien at bussane endeleg var tilbake på vegane.

– Akkurat no er eg på veg til skulen. Det er eg veldig glad for. Eg går på NTNU Dragvoll, så det er eit stykke. (1 times gangavstand frå Trondheim sentrum, journ.anm.) Elles blir det elsparkesykkel heile vegen opp, og det blir fort litt mykje pengar på studentbudsjettet, vedgår Sofie Bakke.

– Det var veldig godt å kunne ta bussen igjen. Eg har brukt mykje pengar på taxi i det siste. Eg er veldig avhengig av buss både til jobb og skule, seier Ane Estil til NRK.

Ane Estil

STUDENT: Ane Estil har brukt mykje pengar på taxi den siste tida, og synest det var godt å endeleg kunne ta buss igjen.

Foto: Eva Ersfjord / NRK