Skulebussen heng utfor skrent i Verdal – 47 elevar er evakuert

47 ungdomsskuleelevar er evakuert frå skulebussen i Verdal etter at den velta og hang utfor ein skrent. Ingen av elevane er skadd.

Skolebuss kjørte av veien i Verdal

STOPPA AV TRE: Skulebussen heng i nokre tre på ulykkesstaden.

Foto: Vegard Woll / NRK

Brannvesen skar seg inn i frontruta på bussen og tømte den for folk.

Klokka 15.35 tvitra politiet at berre ein av elevane har fått skrubbsår og blitt plastra på staden. Elles er ingen av elevane skadd.

Det var i alt 47 elevar og ein sjåfør om bord i bussen då ulykka skjedde.

– Eg kan stadfeste at det er ein skulebuss med ungdomsskuleelevar. Vi held på å orientere oss no, men det var opp mot 50 elevar om bord i bussen, sa Vidar Kjesbu, administrerande direktør i Trønderbilene til NRK i 16-tida.

Buss kjørtre av skoleveien i Verdal

SKLEI I BAKKEN: Bussvelten skjedde i Mogrenda i Verdal.

Foto: Vegard Woll / NRK

Meiner trær redda bussen frå å skli utfor

Bussen køyrde av vegen i ein bakke i Mogrenda i Verdal. I bakken begynte den å skli bakover, før den vart hengande utfor ein skrent.

Ei mor fortel at bussen begynte å skli rett etter at sonen hennar hadde gått av i bakken.

– Bussen prøvde å køyre framover, men greidde det ikkje. Den begynte å rygge i staden. Då skjedde ulykka, fortel ho.

Ifølgje mora heng bussen heilt på skrenten. Ho seier at bussen ville ha sklidd utfor skrenten om det ikkje hadde vore trea som står der.

– Stakkars barn, dei må ha vore veldig redde, seier mora.

Buss utfor vei i Verdal

SKLEI I BAKKEN: Bussvelten skjedde i Mogrenda i Verdal.

Foto: Fototipser

Krisestab i Levanger

Politiet tvitra om hendinga klokka 14.37. Alle tilgjengelege ressursar vert kalla ut til ulykka. Det er også bestilt ein tungbilbergar for å sikre bussen.

Elevane er tatt hand om av helsevesenet.

– Helse er på staden og har hatt ein gjennomgang med alle elevane. Vi har fått dei innomhus i området, seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt, Ole Petter Hollingen.

Klokka 15.15 blir det meldt at elevane er samla i ein ny buss.

Skulen vil også ta seg av elevane og foreldra er varsla.

– Vi har sett krisestab i Levanger og kalla inn sentrale leiarar. Dei har kompetanse på teknisk side og skal svare på spørsmål frå media, foreldre og andre som har trong for det. I tillegg skal vi ta hand om dei som trenger det, seier Kjesbu i Trønderbilene.