Hopp til innhold

Vêrstasjonen til Brynjar i Namsos merka vulkanutbrotet i Tonga

Førre gong det skjedde noko liknande skal nesten ingen privatpersonar ha hatt instrument til å måle slikt.

Bilde av Brynjar Skjærvik ved sidan av pcen som registrerer datane frå værstasjonen på taket hans.

REGISTRERTE SMELL: Brynjar Skjærvik registrerte utbrotet gjennom ein målar som er kopla til eit program på datamaskina hans. Skjærvik var ein av mange privatpersonar over heile Noreg som registrerte trykkbølga frå vulkanutbrotet i helga.

Foto: Privat

I helga var det eit massivt undersjøisk vulkanutbrot i øystaten Tonga aust for Australia.

Eksplosjonen var så stor at ein også kunne merke den i Noreg.

Vulkanutbrotet gav mellom anna utslag på Sintef sine observasjonsbøyer utanfor Munkholmen i Trondheimsfjorden, på Nansensenteret i Bergen sine målarar og ikkje minst på vêrstasjonen til Brynjar Skjærvik på Jøa i Namsos.

– Det er interessant og litt artig at det faktisk går an, at ei såpass kraftig trykkbølge breier seg over heile jorda, seier Skjærvik.

Bilde tatt 17. januar fra et Orion-fly fra New Zealands luftvåpen som viser lava over Tonga.

Bilde tatt 17. januar frå et Orion-fly frå New Zealand sitt luftvåpen som viser lava over Tonga.

Foto: New Zealand Ministry of Defense

«Katastrofe utan sidestykke»

Tre dagar etter vulkanutbrotet kom styresmaktene i dag med ei melding om at landet er ramma av ein katastrofe utan sidestykke. Samtidig kom dei første flybilda av skadane.

Tre personar er bekrefta døde, og øydeleggingane på fleire øyer vert rekna som massive.

Lyden frå vulkanen som eksploderte skal ha vore svært kraftig. Ifølgje BBC vart smellet høyrt over Stillehavet frå Fiji til Alaska.

– Det var massivt, bakken rista, huset rista. Det kom i bølger. Min yngre bror trudde det var bomber som eksploderte like ved, sa Mere Taufa som skulle ete middag då vulkanutbrotet fekk huset hennar til å riste.

Ein Twitterbrukar på Lakeba i Fiji hevdar at ho fekk fanga smellet på film.

Laster Twitter-innhold

Målt av mange hobbymeteorologar

Søndag kveld diskuterte Skjærvik og fleire andre hobbymeteorologar eit Twitter-innlegg frå Tore Furevik, som er oseanograf, professor ved Universitetet i Bergen og direktør ved Nansensenteret.

Det er eit norsk forskingsinstitutt for miljø og fjernmåling

Fleire av hobbymeteorologane i Noreg hadde nemleg registrert smellet frå Tonga på sine personlege vêrstasjonar.

Furevik svarte at utslaget på amatørmålinga til Brynjar Skjærvik stemmer overeins med tidspunktet då trykkbølga skal ha passert Namsos frå nord.

– Mange folk har målestasjonar frå Clas Ohlson heime på husa sine. Det er veldig kjekt at dei og fekk registrert det, seier Furevik til NRK i dag.

Ifølgje Furevik var det ei enda større trykkbølge då vulkanen Pinatubo på Filippinane hadde utbrot i juni 1991, men då hadde ikkje privatpersonar så gode måleinstrument.

– Det spennande no er at så mange klarer å måle det, det er kjekt, seier Furevik til NRK.

Nærmare forklaring

I lufta over vulkanutbrotet i Tonga vart det ei kraftig lydbølge som forplanta seg utover jordkloden, som ei sjokkbølge, forklarar Furevik ved Nansensenteret.

Omtrent som ein ring i eit vatn, samanliknar han.

– Det blir ikkje fleire ringar av lydbølger, som i vatn, alle lydbølgene breier seg ut i same hastigheit, forklarer Furevik.

Kortaste veg frå Tonga til Noreg er frå nord, og den første lydbølga trefte derfor først Svalbard, for så å treffe fastlandet til Noreg. Antipoden, som vil seie der lydbølgene møttest frå kvar si side av jorda, ligg ifølgje Furevik, sør i Algerie.

– Og der vart det nok ekstra mykje energi, seier han.

  • De nye bildene frå Tonga viser at land, trær og bygningar er dekka med aske:
Tonga
Tonga

Hovedstaden Nuku’alofa.

Trykkbølga frå smellet kan samanliknast med eit såkalla «sonic boom», som oppstår når eit jagarfly bryt lydmuren.

På New Zealand, som ligg 2400 kilometer unna eksplosjonen, skal lyden av smellet ha minna om låg torever. Noreg ligg derimot så langt vekke at det berre er dei for menneske uhøyrleg lange lydbølgjene som nådde fram.

– Forskjellen i lufttrykket hos oss, som følgje av vulkanutbrotet, er derfor veldig liten samanlikna med eit høgtrykk eller eit lågtrykk, men likevel er det høgt nok til at mange registrerer det på sine trykkmålarar.

Store avstandar

Klokka 19:08 laurdag kveld gav trykkbølga frå Tonga utslag på data frå observasjonsbøyen til Sintef utanfor Munkholmen i Trondheimsfjorden.

Lydbølga bevege seg raskaste veg frå Tonga, som ein ring i vatnet.

–Fleire vêrstasjonar rundt Trondheim har også registrert dette hoppet i lufttrykk, seier Emlyn John Davies.

Trykkbølger fra undersjøisk vulkanutbrudd på Tonga ga utslag på SINTEFs bøye utenfor Munkholmen i Trondheimsfjorden.

TRYKKBØLGJE: Slik såg trykkbølga ut på dataa frå Sintef sin bøyel.

Foto: Sintef

Det var diskusjonen blant forskarar på internett som fekk seniorforskaren i Sintef til å sjekke om også deira bøyel også hadde registrert det, og det hadde den.

– Avstanden frå Munkholmen til vulkanen er 15170 kilometer, seier Davies.