Hopp til innhold

Bygde brua på dugnad i Oppdal

Med ny bru over elva Vindøla har grenda Lønset i Oppdal fått eit løft. Brua er bygd på dugnad, og bygdefolket sjølv eig treplankane brua er bygd av.

Dugnadsbru

Moabrua er teikna av Endre Hals og går i to hopp over Vindøla.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Bak prosjektet står Lønset horisontløftarlag.

– Vi starta laget for fem år sidan, fortel Jon Aalbu

– Vi hadde tankar om at vi måtte prøve å løfte horisonten litt og tenkje litt andre tankar enn det som tradisjonelt er vanleg i eit lite samfunn - og finne på konkrete tiltak.

Dei fekk med seg også andre lag i dette bruprosjektet. Fine stiar omkring har det også blitt, og her har Helselaget og "Bere kjent i Oppdal" stått for jobben. Alt vart høgtideleg opna i godveret i helga.

Bygdefolket eig brua

Brua over Vindøla er altså bygd på dugnad. Men ikkje nok med det; bygdefolk har også kunna kjøpe kvar sin planke i brua for 200 kroner.

– På denne måten har folk fått eigedomsforhold til brua og vi har fått inn eigenkapital, seier Aalbu, som kan vise fram inskripsjonar som «Anne-Grete H», «Sara Ø.» og « Frida B».

Dugnadsbru

Mykje bygdefolk var møtt fram i helga for å opna 'si eiga' bru.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Dermed er det jo veldig greit å vite kven som eig plankane den dagen det blir aktuelt med vedlikehald, smiler Aalbu.

Bind bygda saman

Det er skimakar Endre Hals som har teikna den spesielle trebrua. Moabrua, som er namnet, går i to spenn på åtte meter via ei lita øy midt i elva Vindøla, og bind på den måten grenda betre saman.

– Og eit prosjekt som dette bind også bygdefolket betre saman, eg trur det er viktig for samhaldet, seier Jon Aalbu i Horisontløftarlaget, som eigentleg er ein del av grunneigarlaget.

– Og for Grunnleigarlaget er det viktig at vi med dette har lagt betre til rette for fiske i elva.

– Kor mange dugnadstimar har de brukt på prosjektet?

– Vi har ikkje rekna så nøye på det. Men med bru og gangstiar og alt omkring er det snakk om atskillig hundre timar!