Guten var passasjer i ein bil som blei køyrd av ein 16 år gamal gut. Ulykka skjedde i Steinanveien seint tirsdag kveld.
16-åringen blei lettare skadd, men er no skriven ut av St. Olavs Hospital.
- Den 16 år gamle guten har forklart til politiet at han mista kontrollen over køyretøyet og snurra rundt. Han seier at dei to truleg ikkje brukte bilbelte, opplyser krimvakta i Trondheim til NRK Trøndelag.
Det er mistanke om promillekøyring, og politiet tok blodprøve av sjåføren etter ulykka. Resultatet av prøven vil vere klart om nokre dagar.