Hopp til innhold

Monica merkar stor pågang på privat ammehjelp: – Kvinnehelse blir nedprioritert

Ei mor brukte 14.000 kroner på ammehjelp, og veit ikkje om ho orkar å få fleire barn. Partiet Raudt ser ein tendens til stadig meir privatisering av kvinnehelse.

Monica Kristoffersen-Skog

AMMERETTLEIAR: Monica Kristoffersen-Skog tilbyr ammerettleiing hos «House of Femme» i Trondheim.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Amminga gjekk ikkje. Den var vond frå første sekund. Det tok aldri slutt.

Det fortel ein 28-åring, som ynskjer å vere anonym. NRK har gitt henne namnet «Amanda».

Ho fekk ei dotter på Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN) i Tromsø sommaren 2020.

Fødselen til den førstegongsfødande mora var tøff. Men lite visste ho om at tida etterpå skulle bli endå tøffare.

– Når det er så vondt å amme at du ikkje veit kor du skal gjere av deg, blir du gal til slutt.

På grunn av koronarestriksjonane fekk ho ikkje noko heimebesøk av jordmor. På helsestasjonen fekk ho beskjed om «å prøve litt til».

– Eg sa at eg går heilt i kjellaren dersom eg må amme meir.

– Ein kamp mot helsevesenet

Sjukehuset anbefalte apotekvarer som kunne lindre smertene under amming. Dagen etter at Amanda vart utskriven frå sjukehuset, handla ho apotekvarer for nesten 6000 kroner.

Brystpumper. Ammekremmar. Ammesalver. Men det var ikkje nok. Amanda måtte få timar hos privat ammehjelp.

Totalt hamna sluttsummen på 14.000 kroner i ammeutstyr og ammerettleiing.

NRK har sett dokumentasjon på utgiftene.

Etter kvart viste det seg at babyen til Amanda hadde eit veldig stramt tungeband. 28-åringen meiner det er for lite kunnskap om dette.

– Det var ein kamp mot helsevesenet. Det blir kjempedyrt å nytte seg av det private tilbodet. Ammerettleiing må bli sett på som nødvendig helsehjelp.

Ifølge 28-åringen jobba ein privat ammerettleiar ho var i kontakt med også ved ei barselavdeling. Ho tilbydde timar fordi ho såg at ramma hennar for å yte ammehjelp i det offentlege, ikkje var tilstrekkeleg.

LES OGSÅ Fødsel under pandemi: Marlene (25) føler ho blei frårøva den største opplevinga i livet

Marlene Greiff og Tora Nikoline Greiff Adolfsen

– Mangel på kunnskap

Ei som tilbyr ammehjelp privat, er Monica Kristoffersen-Skog. Ho er ammerettleiar hos «House of Femme» i Trondheim.

– Det er ikkje til å stikke under stol at kvinnehelse blir nedprioritert. Eg synest det er ei utruleg trist utvikling. Men det er bra at hjelpa er der. I det private har ein tid til å hjelpe.

Ho fortel at pågangen har auka kraftig. Nybakte mødrer kontaktar henne med mange ulike problem. Men noko merkar seg ut.

– Stramt tungeband er ein gjengangar. Det er absolutt mangel på kunnskap i det offentlege om dette. Det er vanskeleg å oppdage. Men det er ikkje alltid ein treng å klippe tungebandet sjølv om det er stramt.

Ho håpar på eit større fokus på ammerettleiing i det offentlege helsevesenet.

– Dersom ein hadde sagt: «Dette har eg ikkje nok kunnskap om. Eg anbefaler deg å oppsøke andre,» så trur eg vi hadde spart veldig mange mødrer for veker og månader med problem.

Amanda meiner amming er ein helsegevinst for både baby og mor.

– Det er underleg at dette ikkje blir prioritert. Ein kuttar i det offentlege helsetilbodet til kvinner, men ikkje minst nyfødde babyar.

– Eg veit heilt ærleg ikkje om eg orkar å få barn fleire gonger. Det fristar ikkje, legg ho til.

UNN: – Ammerettleiing er høgt prioritert

Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN) meiner dei har gode rutinar for oppfølging av fødande under barseltida.

Sjukehuset presiserer at dei ikkje kan kommentere den konkrete saka utan fritak frå teieplikta.

– Amming og ammerettleiing er høgt prioritert av dyktige fagfolk i vår avdeling, fortel avdelingsleiar Ingard Nilsen ved Kvinneklinikken på UNN.

Sjukehuset har vore sertifisert som eit «Mor-barn-vennleg» sjukehus sidan 1996, sist evaluert og godkjent i 2020.

– Hos oss reiser ikkje kvinner med identifiserte ammeproblem heim utan avtalt oppfølging, fastslår Nilsen.

Han fortel at mødrer får tilbod om heimebesøk av jordmor. Der blir ammerettleiing og barselinformasjon vidareført.

LES OGSÅ Ble mamma under koronaen: Føltes som å bo på glattcelle

Aïda Leistad Thomassen.

Raudt-politikar: – Kvinnene blir svikta

Partiet Raudt (R) seier dei ser ein tendens til stadig meir privatisering av kvinnehelse.

– I praksis blir størsteparten av barselomsorga flytta frå sjukehuset til heimen. Kvinnene blir svikta, meiner Seher Aydar. Ho er helsepolitisk talsperson i Raudt (R).

Ho trur den nedkorta tida på barselavdeling er ein medverkande årsak til at fleire kvinner ser seg nøydde til å betale for privat ammehjelp – noko som ikkje alle har moglegheita til.

– Det er heilt forkasteleg at det skal vere opp til kvar enkelt kvinne å få den grunnleggande hjelpa ho treng, og at det skal vere avgjerande om ho har råd til det eller ikkje, fastslår Aydar.

Seher Aydar

RAUDT: Helsepolitisk talsperson, Seher Aydar i Raudt (R), seier det er forkasteleg at det skal vere opp til kvar enkelt kvinne å få hjelp.

Foto: Einar Aslaksen / Rødt

– Arbeidarpartiet er tydelege på at dei ynskjer eit sterkt offentleg helsevesen. Samtidig skyver dei kvinner ut i privat helsevesen, fordi det offentlege ikkje leverer.

Ho håpar helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) «kjem endå meir på banen».

Helsedirektoratet har laga nasjonale faglege retningslinjer for barselomsorga med anbefalingar om amming. Helseministeren seier ho forventar at helseføretak og kommunar følgjer desse anbefalingane.

– Helseministeren har ei naiv tru på at det held at noko står i retningslinjene. Vi treng ein helseminister som også trur på varslar frå jordmødrene, og erfaringane frå mødrene sjølv.

Helseministeren: – Tar fleire grep for 2022

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) kommenterer kritikken.

– Kvinner som har fødd skal få nødvendig ammerettleiing. Dette er ein del av det offentlege helsetilbodet, fastslår ho.

Ho held fram:

God fødselsomsorg avheng av at vi har nok jordmødrer, både på sjukehus og i kommunane. Derfor har vi tatt fleire grep for 2022.

Helsepolitisk talskvinne for Arbeiderpartiet, Ingvild Kjerkol

HELSEMINISTER: Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier at kvinner som har fødd skal få nødvendig ammerettleiing.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk

Ifølge ministeren er det løyva 64 millionar kroner meir til 200 nye utdanningsstillingar for spesialsjukepleiarar på sjukehusa, også jordmorutdanninga. I tillegg skal opptakskapasiteten til sjukepleiarutdanningane auke til 500 studieplassar frå og med hausten 2022.

Kvinner og barn skal få den hjelpa dei har behov for. Tidspunktet for utskriving frå sjukehus etter fødsel skal bli tilpassa kvinna og det nyfødde barnet sitt behov.

LES OGSÅ Nye tall viser det fagfolk har fryktet lenge: Vordende og nybakte mødre sliter psykisk

Mor og baby hander