Hopp til innhold

Bruker smarttelefonar i jakta

Dei teknologiske hjelpemidla for jegerar blir fleire og fleire. No kan du lære lokkelydar med smarttelefonen, og deretter registrere skota og treffa dine på same telefonen.

Smarttelefon som jaktverkty

FLEIRE ALTERNATIV: Smarttelefonen kan bli eit viktig verkty for jegerar utover hausten.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Tore Mørkved

APP-SKAPAR: Tore Mørkved frå Levanger har laga ein jaktapplikasjon for smarttelefonar.

Foto: Bennett AS
Fuglejakt i Trøndelag

HØGTEKNOLOGISK? Øyvind Høyslo Winge og Andreas Jørgensen syns jaktapplikasjonane er interessante.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

- Sol opp, sol ned, månetider, nyheiter, skytebaner, fisketips, ramsar Espen Farstad opp. Han er informasjonssjef i Norges Jeger- og fiskeforbund.

For det er blitt meir vanleg å ta med smarttelefonen på jakt. No kan du for eksempel få tips om kva du bør og ikkje bør gjere via telefonen.

- Det var bror min som tipsa meg om ideen, seier Tore Mørkved frå Levanger. Han har laga ein såkalla app til mobiltelefonar.

Frå bok til telefon

- Han har jakta i mange år, og fylt ut statistikk i ei lita bok der han loggfører forskjellige tal, mellom anna kva ryper han har sett, forskjellige artar, ver og forskjellig, seier Mørkved.

Dermed sette han i gong med sitt program.

- Bror min har ein Iphone, og lurte på om det ikkje var mogleg å få loggført dette her på ein fin måte, og kanskje få litt fin statistikk ut av det. Det tente eg litt på, og prøvde å bli ferdig med ein versjon til haustjakta. Det klarte eg, fortel han.

Gjennom programmet han har laga kan ein loggføre kor mange skot ein løyser, kor ofte ein treff, og kva for artar ein ser.

  • Høyr radioreportasjen med dei forskjellige applikasjonane under.

JAKT PÅ RADIO: Her kan du høyre radioreportasje om dei mange jaktapplikasjonane. Reporter er Maria Holand Tøsse.

Kan lokke med telefonen

Applikasjonen er ikkje den einaste på marknaden i dag. Norges Jeger- og Fiskeforbund har lansert to applikasjonar retta inn mot fiskerar og jegerar.

- I tillegg har me laga ein liten tilleggsfunksjon, seier informasjonssjef Espen Farstad.

- Ein lokke-app. Dei siste åra er det blitt veldig populært å bruke aktiv lokking når du er på jakt. Det kan vere at du imiterer ein skada småfugl for å lokke til deg ein rev, eller du brøler som ein hjort for å lokke til deg ein hjort. No har me laga ein eigen lokkeapp med 35 lydar, som du får rett i lomma, seier han.

- Interessant

Øyvind Høyslo Winge (t.v.) og Andreas Jørgensen

VIL PRØVE: Øyvind Høyslo Winge (t.v) og Andreas Jørgensen vil gjerne prøve jaktapplikasjonane for smarttelefon.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

At dette kan vere viktige reiskap for jegerar å ha med ut i skogen er også Andreas Jørgensen og Øyvind Høyslo Winge einige i.

- Det er sikkert mange som får bruk for appen etter kvart, når dei berre lærer seg å bruke den. Det er mykje interessant du kan bruke den til, seier Høyslo Winge.

Dei to trur at det heller blir jegerane rundt 30 år som prøver desse verktya enn dei som er eldre. Men sjølve reiste dei heim frå fuglejakt for å prøve.

- Me må vel prøve det, seier Jørgensen.