Hopp til innhold

Breiflabb

Radiokokk Inge Johnsen og Tron Soot-Ryen lagar chilisteikt breiflabb rett frå fiskemottaket på Frøya.

Helge Myrseth og Inge Johnsen.
Foto: Tron Soot-Ryen / NRK

- Breiflabben tåler litt power, så eg held på å kutte chili i veldig små bitar. Det går også heilt fint å bruke chilikrydder på fisken, seier Inge Johnsen.

Lukusfisk

Breiflabben har gått frå å vere ein ufisk til å bli ein luksusfisk, som er langt frå billig. Inge Johnsen smør fisken inn i olje

- Eg tek så litt kvitløk og finhakkar den. Vidare dryssar eg pepar og salt saman med chilikrydderet og kvitløken, og vender fisken oppi krydderblandinga, seier Johnsen.

Steik som indrefilet

Vidare varmar radiokokken steikepanna godt, med litt olje i botnen, og legg fisken oppi slik at den får brune seg.

Etter to minutt er fisken brun på alle kantar, men ikkje gjennomsteikt ennå.

Kvitløkssky

- Vi skal lage ein kvitløkssky som vi skal servere saman med fisken. Eg må difor kutte opp litt ekstra kvitløk og sjalottløk som eg surrar i panna til dei er gyldne, seier radiokokken.

Han avsluttar med å fylle kvitvin i panna og la skyet stå å trekke over svak varme.

- Om du har soyasaus for handa, smakar det godt med litt av det oppi skyet som vi skal helle over fisken, seier Johnsen.

La fisken stå å kvile i rundt 10 minutt før servering. Server med ein mild potetstappe og søte grønsaker.