Dei nedbrente trehusa i Trondheim vekkjer følelsar som sorg og fortviling blant trønderane. Arnulf Kolstad, professor i sosialmedisin forstår kvifor:
- Denne type busetnad kjenner mange seg igjen i, på ein annan måte enn ved praktbygg. Dette er små og koselege bygg som ein faktisk kan identifisere seg med, difor får det ekstra stor verdi.
Folk har karakterisert brannen som å miste eit familiemedlem, er det ei riktig skildring?
- Det er kanskje å gå litt langt, men familiemedlem i den forstand at det er eit viktig medlem av den sosiale eininga, altså den byen ein tilhøyrer. Ein kan nok godt føle det slik, denne sterke tilhøyringa mange har til Trondheim.
Sorgen blir kanskje veldig sterk når noko så sentralt som låg trehus busetnad som har stått her i fleire hundre år forsvinn så brutalt, seier Kolstad.