Hopp til innhold

Brannen blussa opp igjen på Frøya

FRØYA/TRONDHEIM (NRK): Brannen på Frøya blussa seint onsdag kveld opp igjen der den starta.

Brannen herjer fremdeles på Frøya.

Brannen har blussa opp i retning mot Dyrvik. Det er lagt ein plan for ei eventuell evakuering i området Nesset, Dyrvik, Ervika og Yttersian.

– Det er snakk om ei oppblussing i området der brannen starta, nordaust om Sistranda. Flammene har tatt seg opp igjen der og vi har i samarbeid med brannsjefen sett inn meir ressursar, opplyser lensmann på Frøya Inge Dahlø til NRK klokka 2200.

Brann Frøya

KRAFTIG BRANN: Det brenn fleire stader.

Foto: Runar Henriksen Jørstad/NRK

Det blir jobba med sløkking gjennom natta og helikopter vil bli sett inn i morgen tidleg, opplyser politiet på Twitter.

Politiet har ikkje oversikt over bebyggelsen i området endå, men det kan vere snakk om å evakuere fleire utover kvelden.

– Om det blir nødvendig, må vi evakuere fleire, seier Dahlø.

Uroa innbyggarar

Ifølgje Frøya kommune sine Facebooksider er mange av bebuarane i områda Ervik, Dyrvik og Nesset urolege og ringjer kommunen.

Politiet meiner å ha kontroll i desse områda, men ber om at publikum tek kontakt om dei ser at brannen tek seg opp i desse områda.

Innbyggarar i områda Skjønhalsen og Dyrøy har varsla om sterk røyklukt. Politiet har patruljert i områda og meiner dei er utanfor fare slik situasjonen er no.

Totalt rundt 700 evakuerte

Rundt 500 nye innbyggarar på strekninga frå Strømøybotn til Bremnes på Frøya blei tidlegare onsdag kveld evakuert på grunn av lyngbrannen på øya.

– Totalt 163 husstandar er evakuert og innbyggarane blir innlosjerte i private heimar på Frøya og Hitra, opplyser fungerande ordførar på Frøya, Martin Nilsen til NRK.

Frå før er rundt 200 personar evakuerte på øya etter lyngbrannen som starta ved Litjvatnet mellom Ervikvatnet og Hammarvatnet klokka 10.55 onsdag formiddag.

(Artikkelen held fram under kartet)

Situasjonen under kontroll

Litt før klokka 2200 onsdag kveld meinte politiet å ha rimeleg god kontroll over lyngbrannen på Frøya.

– Brannen rører framleis på seg og det brenn to frontar. Den eine fronten er mindre utfordrande enn den andre og slik vil det nok vere om ikkje vind, styrke og retningen endrar seg, seier innsatsleiar hos politiet Tom Åge Dahl.

Han legg til at politiet og brannvesenet vil prøve å sette inn nådestøtet i morgen tidleg.

Fem kilometer til bebyggelse

Brannen bevegar seg ifølgje politiet onsdag kveld i ein fart på tjue meter i timen.

– På den fronten som er mest utfordrande er det omlag fem kilometer ned til nærmaste bebyggelse. Sånn sett har vi god tid og kontroll, seier Dahl.

Alle vil hjelpe

Jan Otto Fredagsvik
Foto: Morten Karlsen

Mellom 30 og 40 familiar har meldt inn over 100 sengeplassar til servicekontoret.

– Det har vore ein enorm respons frå folk som melder inn ledige senger. I tillegg er det ein aksjon på Facebook, så no har vi faktisk overnatting til dei som treng det, seier Jan Otto Fredagsvik i beredskapsgruppa for private overnattingstilbod.

Vurderte å sprenge is

Brann på Frøya

VANSKELEGE ARBEIDTILHØVE: Fleire helikopter har bistått i sløkkingsarbeidet.

Foto: Henrik Sundgård / NTB scanpix

I heile dag har helikoptra drive sløkkingsarbeid på Frøya. Dei har måtte fly langt for å skaffe vatn. Brannvesenet vurderte onsdag kveld å sprenge opp isen på eit vatn i nærleiken av brannområdet for å lettare skaffe seg vasstilgang.

– Dette vil vere meir rasjonelt fordi vi då er midt inni brannområdet, sa Andreas Klingedal som er brann- og teknisk sjef på Frøya rundt klokka 2030.

Nokre timar seinare meldte politiet på Twitter at det likevel ikkje er aktuelt å sprenge vatn på Frøya. Det er bestemt at det heller skal hentast vatn frå opne kjelder.

I kveld og i natt skal bakkemannskap passe på flammene som herjar på Frøya.

– Vi vil halde på utover kvelden og natta. Vi meiner at vi har kontroll på brannen i nord. Vi har stoppa den mellom Kirkedalsvatnet og Langvatnet, seier brannsjef på Frøya, Andreas Kvingedal.

Fleire brannfolk på plass

Brannvesenet fekk onsdag kveld hjelp av fire brannbilar frå Ørlandet og Midtre Gauldal. I tillegg er eit titals nye mannskap frå Orkdal komme til øya for å bistå i sløkkingsarbeidet.

Også medlemmar frå Trondheim Røde Kors hjelpekorps reiste til Frøya for å bistå.

Brannen herjer fremdeles på Frøya.