Hopp til innhold

Familien Ingebrigtsen på flyttefot: Leah (6) har fått ei heilt spesiell velkomstgåve frå Brann

Vestlandet fekk eit nytt «Team Ingebrigtsen» då fotballfamilien frå Trondheim kom med flyttelasset denne helga. Dottera til den nye trenaren måtte vente med å ta i bruk Brann-trøya til dei var framme i Bergen.

Leah Ingebrigtsen (6) med personleg Brann-drakt

VELKOMSTGÅVE: Dottera Leah (6) har fått ei personleg helsing frå pappa Kåre sin nye klubb. Ei Brann-drakt med teksten «Heia Pappa».

Foto: Privat

Sommaren 2018 fekk Kåre Ingebrigtsen sparken som trenar i Rosenborg. Førre laurdag vart det kjent at den tidlegare Rosenborg-trenaren tar over trenarjobben i Brann.

Den nye Brann-trenaren har vendt nasen sørover og tek med seg kona Hege Leirfall Ingebrigtsen og dottera Leah (6) til «byen mellom de syv fjell». Familien kjøpte nyleg nytt hus i Trondheim, men no må dei altså omstille seg igjen.

– Er det noko eg har svart belte i, så er det flytting. Vi begynner å bli frykteleg gode på det. Då tilbodet dukka opp, trigga det Kåre såpass at vi fann ut at dette var ei god løysing, seier kona Hege.

Leah (6) fekk personleg helsing

– Eg har høyrt mykje positivt om Bergen. Sjølv kjenner eg ikkje så godt til byen, vedgår ho.

Det passar fint å flytte til Bergen akkurat no. Dottera Leah (6) skal byrje på skulen måndag.

– Bergensarane hadde gjort ein fantastisk gest då Kåre kom ned til Bergen. Leah fekk ei Brann-trøye der det sto «Heia Pappa» på ryggen. Den blei ho ekstremt stolt over. Ho ville ha den på SFO, men vi ba ho vente til ho kjem til Bergen, flirer Hege.

Familien Ingebrigtsen er på flyttefot. Kåre Ingebrigtsen har fått trenarjobben i Brann.

Men kven skal dottera til den trønderske Brann-trenaren eigentleg heie på? Mor Hege kjem frå Bodø og har hatt fleire toppjobbar i norsk fotball. Ho har vore styreleiar i Bodø/Glimt og kvir seg litt til dei gongane Brann skal møte dette laget.

Eg ynskjer Kåre alt godt. Så lenge ikkje Brann møter Bodø/Glimt, er det ikkje tvil om at det vil vere Brann eg heiar på.

– To tøffe år

Ho vedgår at det har vore to turbulente år etter at den profilerte ektemannen hennar fekk sparken i Rosenborg. Konflikten rundt oppseiinga førte til rettssak. Det var viktig for Hege å skåne familien mest mogleg.

– Det har definitivt vore tøft. Så ærleg må eg vere. Men vi har klart å komme oss gjennom det. Vi har garantert kome veldig styrka ut av det også.

Hege trur dei er litt betre førebudde dersom det skulle bli dramatikk i Bergen også.

– Det vi har vore gjennom i Rosenborg gjer oss meir rusta. Det er ikkje tvil om det.

Hege Leirfall Ingebrigtsen

FOTBALLFRUE: Hege Ingebrigtsen fortel om dei to turbulente åra etter at mannen hennar, Kåre Ingebrigtsen, fekk sparken som trenar i Rosenborg.

Foto: NRK

– Kåre likar dette sirkuset. Eg skulle gjerne hatt ein litt meir føreseieleg kvardag enn eg får ved å vere gift med han. Men det valet har eg tatt for lenge sidan, seier ho lattermild.

Å kombinere Kåre sitt «jetset-liv» med sitt eige har ikkje alltid vore like enkelt. Ho fortel at det har vore avgjerande med ein familie som stiller opp, og arbeidsgjevarar som klarer å legge til rette på ein god måte.

– Det er klart at det har vore krevjande å vere småbarnsmamma, og ha ei eiga karriere når eg har ein mann som er fotballtrenar. Det er det ingen tvil om, fastslår ho.

Eit meir offensivt Brann

Kåre Ingebrigtsen er på plass i Bergen og har lova eit meir offensivt Brann etter at han tok over trenarjobben.

– Vi kjem til å bli vanskelege å ha med å gjere, sa han til NRK då han hadde hatt sin første arbeidsdag på Brann Stadion.

Ny branntrener, Kåre Ingebrigtsen

NY BRANNTRENAR: Kåre Ingebrigtsen tok over stafettpinnen som hovudtrenar for Brann etter Lars Arne Nilsen sitt femårige samarbeid med laget.

Foto: Julianne Flølo

De risikerer at det er «stong ut» i Bergen, og så er det ut på flyttefot igjen?

– I det yrket Kåre har, veit vi at det er veldig sannsynleg. Vi må håpe og tru at det er ein klubb som vågar å tenke langsiktig, og som ikkje berre ser resultata etter éin einaste kamp. Vi må satse på at det blir eit lenger opphald enn eitt år i alle fall, seier Hege og held fram:

– Eg elskar fotball. Å komme til ein by som er lidenskapeleg opptekne av fotball, på godt og vondt, blir spennande. Vi ser fram til det.