Hopp til innhold

Brann i varmeskap i bakeri – 10 personar vart evakuert

To bygårdar i Trondheim sentrum måtte evakuerast etter politi og brannvesen mottok melding om brann. Det skal ha vore varmeutvikling i eit varmeskap i eit bakeri.

Brann bakeri Trondheim

Like etter klokka 09.00 rykka politiet ut til melding om brann i Trondheim sentrum.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Rett etter klokka 9 fekk brannvesenet melding om røykutvikling i St. Olavsgate i Trondheim og køyrde til staden med store ressursar. Politiet har sperra av området, og brannvesenet jobbar no på staden.

Det er snakk om ein bygård i Trondheim sentrum, og nabobygget vart også evakuert. Det var ein elektrikar som melde frå om brannen. Han fortel til NRK at han skulle til bakeriet for å fikse ein elektrisk feil, og då han kom inn i butikken såg han røyk frå under varmeskapet og ringde brannvesenet.

Brann i Midtbyen

Brannvesenet jobbar no med å bryte opp golvet i bakeriet.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Gjennomført evakuering

Evakueringa er 09.29 bekrefta gjennomført. Politiet skriv på Twitter at dei har kontroll på staden. Innsatsleiar ved Trøndelag politidistrikt, Ola Eggen, fortel at ein slik brann er ei melding dei tek på alvor.

– Når vi får melding om brann i trebebyggelsen i Trondheim kjem både brann og politi med dei ressursane vi har, seier Eggen.

Brann i Midtbyen

Brannvesenet og politiet rykka ut med store ressursar til St. Olavsgate.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Varmeutvikling i elektrisk apparat

Eggen forklarar at det var varmeutvikling i eit varmeskap inne i eit bakeri:

Laster Twitter-innhold

– Dette førte til varmeutvikling i golvet under bakeriet, og brannvesenet jobbar med å avkrefte om det er vidare varmeutvikling i golvet på resten av bygget, seier Eggen.

Brannvesenet jobbar no med å bryte opp golvet i bakeriet. 10 personar er evakuert frå St. Olavsgate ein og tre, to bygårdar som inneheld både bedrifter, hyblar og leilegheiter.

brann i midtbyen