Brann i tomannsbustad på Byåsen i Trondheim

Ein person vart undersøkt av helsepersonell etter å ha pusta inn røyk frå brannen, opplyser politiet.

Brann, tomannsbolig, Byåsen.

Røykdykkarar jobbar med å sløkke brannen.

Foto: Bertil Lærnes

  • Brannen er sløkt, melder politiet klokka 17.23.

Politiet fekk melding om brannen klokka 14.08 i ettermiddag. Klokka 15.18 meldte politiet om framleis kraftig røykutvikling frå huset.

Brannen skal ha spreidd seg frå den eine bueininga til den andre gjennom taket. Sju personar er evakuerte. Alle som bur i huset skal ha kome seg ut. Det opplyser vaktleiar Roger Gjersvold ved 10-sentralen i Trondheim.

Personen som fekk tilsyn av helsepersonell trong ikkje ytterlegare behandling.

– Vi sløkker utanifrå med hjelp av ein skjærsløkkar inn mot loftet. Røykdykkarar jobbar og med brannen, seier Gjersvold

Politiets innsatsleiar på staden, Robin Olaisen, opplyser til Adresseavisen at dei truleg har funne årsaka til brannen.

– Truleg kan tømming av oske frå ein omn ha ført til dette. Alle er ute og ingen er skadd. Bebuarane har forsøkt å sløkke sjølv, men har dessverre komme til kort, seier han til avisa.

– Det har ikkje blitt evakuert folk frå bustadhus i nærleiken, det er ikkje meldt om noko ytterlegare spreiingsfare, seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt Solfrid Lægdheim

Brannmannskapa driv klokka 16.40 med ettersløkking og sikring.

Ifølgje vaktleiaren deira skal det vere ganske mykje skadar i taket på huset.

– Kva følgjeskadar det er på huset som følgje av sløkkinga er uvisst, men eg tviler på at dei som bur der kan flytte heim att med det første, seier Gjersvold

Brann i tomannsbustad på Ugla i Trondheim

Huset som brenn.

Foto: Bertil Lærnes

Siste fra Trøndelag

Grete Thobroe, Midtnytt

Tirsdagens trønderske TV-nyheter

Tirsdagens trønderske TV-nyheter