Fleire personar vart evakuerte frå eit bygg som brente i Namsos sentrum tysdag ettermiddag. Personen som meldte ifrå om brannen klokka 17.20 skal ha sett flammar og røyk ut av eit takvindauge i bygget.
Brannmannskapa har kontroll på brannen, meldte Namdal 110-sentral ein time seinare.
Politi, ambulanse og brannmannskap var raskt på staden. Heile kvartalet rundt bygget vart stengt av.
Naudetatane har kontroll på alle som bur i huset. Dei fekk først ikkje kontakt med ein av personane som bur i bygget.
NRK sin reporter på staden, Espen Sandmo fortel at det var stor røykutvikling då han kom til staden.
– Brannmannskapa nytta ein stigebil for å kome seg opp til ein av bustadene. Dei skal ha skjært seg inn i bygningen med ei motorsag, før dei tok i bruk eit kamera for å undersøke innsida av bygget, fortel Sandmo.
Sandmo fortel at dei som var i bygget fekk tilsyn av helsepersonell i ein ambulanse.