Hopp til innhold

Familie på seks mista huset i brann

Eit hus brann heilt ned i Meråker laurdag. Barnefamilien som budde i huset kom seg uskadd ut, men mista alt dei eigde.

Brann i Meråker

Bustadhuset sto ikkje til å redde, sjølv om brannvesenet kom fort til staden. Husen brann heilt ned.

Foto: Tor Aage Hansen

Arild Overrein, fagleiar brann

Arild Overrein, fagleiar brann

Foto: Magnar Brandseth / NRK

Brannen starta rett før klokka 12 laurdag formiddag.

Familien på to vaksne og fire barn var heime da brannen oppstod, og dei berga seg ut av huset og i sikkerheit hos naboar.

Prøvde å slokke brannen

– Brannen ser ut til å ha starta på kjøkenet, i ein komfyr, seier politibetjent Kenneth Voll.

– Dei prøvde å slokke brannen, men etter kvart vart det så mykje røyk at dei måtte forlate kjøkenet for å unngå å bli skadd, seier han.

Det er uklart korfor komfyren begynte å brenne.

– Vi har ingen opplysningar som tilseier at det var til julebakst med til dømes smultgryter som førte til at det begynte å brenne, seier Voll.

Full overtenning

Brannvesenet kom raskt til staden, men måtte konstatere at bustadhuset ikkje sto til å redde. Dei måtte foreta ei kontrollert nedbrenning av huset, og sette alle kreftene inn på å berge nabobygningane.

– Det var full overtenning da vi kom, seier Arild Overrein, fagleiar i brannvesenet.

– Vi fekk avklart at det ikkje var folk i huset, og konsentrerte oss om å berge nabobygningane, seier han.

– Men dette er jo trasig, berre nokre få dagar før jul. Julegaver, julestemning, alt er borte, seier Overrein.

Brann i Meråker

Brannvesenet måtte satse på å berge bygningar i nærleiken.

Foto: Magnar Brandseth / NRK