Hopp til innhold

Bra påskeutfart i skianlegga

– Her er det bra trafikk og blide, påskebrune fjes. seier driftssjef Tor Heggum ved Grong skisenter.

Grong skisenter, Bjørgan påske 2017

Godvêr og blå himmel dag etter dag ved Grong skisenter denne påska. Dette bnildet er tatt onsdag.

Foto: Grete Thobroe / NRK

– Vi har hatt berre blå himmel sidan onsdag, det er fantastisk, legg han til, og er storfornøyd med påska slik opplever det i skisenteret i Bjørgan.

– Vi fekk jo ny nysnø også på tirsdag, slik at det vart både finare vinterlandskap og betre føre, seier Heggum og er for sin del godt nøgd med at temperaturen har halde seg relavtivt låg om nettene siste dagane.

Hanglider over Bjørgan

Fintvêret innbaud til luftige svev også over bakken i Grong.

Foto: Grete Thobroe / NRK

Dermed har det blitt jamt bra besøk i skisenteret, utan at ein kan snakke om topp besøk.

Vår i bygda

– For det er jo eit lite minus sett frå vår synsstad at det er blitt vår nede i bygdene, slik at folk gjerne tenkjer på andre ting enn skitur - og det er forhold for å finne på mykje anna. Slik er det når det er sein påske, seier Heggum.

Grong skisenter

Blå himmel og godt føre i løypene dag etter dag denne påska. Her fra Grong skisenter, Bjørgan.

Foto: Grete Thobroe / NRK

Også ved Meråker alpinsenter har det vore bra trafikk siste dagane.

– Det starta dårleg i palmehelga. Men etter at sola kom har det tatt seg opp betrakteleg, seier dagleg leiar Arne Magnus Størseth ved alpinsenteret.

– Onsdagen var det ikkje all verden, men torsdag og fredag hadde vi oppunder 400 besøkjande kvar av dagane, og i dag trur eg det har passert 400, seier Størseth, då vi snakkar med påskeaftan ettermiddag.

Bra med snø - i høgda

Han kan melde om veldig mykje snø øverst i anlegget, medan det er for lite snø til å bruke nedre heisstasjon. Det er difor øvre del som blir brukt i påska, frå ca. 320 til 600 meter over havet.

Storlien påska 2017 - Bangårdsliften

Både i Meråker og Storlien har det vore godvêr store delar påska, her kosar påsketuristane seg ved Bangårdsliften i Storlien onsdag.

Foto: Magnar Brandseth / NRK

Og i 600 meters høgde på andre sida av grensa, i Storlien, har påsketuristane kunna nyte det same fine vêret dei siste dagane, både i og utanfor alpinløypene.

I Vassfjellet har dei derimot måtta stengje anlegget på grunn av snømangel, etter at mildt vêr tidleg i veka tærte for mykje på snøen.

Fin påske i Oppdal

Men i Oppdal har det vore full fart og mykje folk, både i og utanfor dei alpine løypene.

Ångardsvatnet i Storlidalen

Stille stund ved Ångardsvatnet i Storlidalen seint påskeaftan.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Spesielt i går og i dag har det vore kjempefint her, skryter Eirunn Horvli frå skibygda i sør. Ho arbeider ved Oppdal skisenter.

Fleire godvêrsdagar

Først etter eit par skidagar til denne påska gjer skianlegga opp status over trafikken i år. Og skal ein tru vêrvarslinga, så kan desse siste dagane også bli fine - anten ein har slalåmski på beina - eller vel å gå på påsketur med annan type ski - eller til fots.

Toppen av Storbekkhøa i Oppdal

I eit slikt godvêr kan både to- og firbeinte trivast. Her frå toppen av Storbekkhøva i Storlidalen i går.

Foto: Jøte Toftaker / NRK