Hopp til innhold

Blunck digger Trondheim

Hege Schøyen og Øyvind Blunck starter høstsesongen sin i Olavshallen fredag kveld.

Øyvind Blunck og Hege Schøyen i Sammen igjen

Øyvind Blunck er glad for at haustsesongen startar nettopp i Trondheim.

– Trondheim er kanskje den beste byen når deg gjeld tilstrøyming av publikum. Eg veit ikkje kva det kjem av, men det er forferdeleg hyggeleg. Det har mykje å seie at Olavshallen er så ålreit både for publikum og dei som spelar der, seier Øyvind Blunck til NRK Trøndelag.

Stor suksess

Hege Schøyen og Øyvind Blunck har kjent kvarandre i snart 18 år. Dei har spelt saman i nærmare ni år og gjort stor suksess med "Gode venner", "Fast følge" og no "Sammen igjen".

– Samspelet blir berre betre og betre og vi har ikkje blitt lei kvarandre enno, seier Blunck.

Han legg til at dei gir alt på scenen kvar kveld.

Fokus på song

Publikum kan sjå fram til eit samspel som er finslipe gjennom mange år.

– Vi er to jøglarar som trivest godt saman, konkluderer Blunck.

Dei to har ikkje planar om noko revysamarbeid med det første. Øyvind Blunck innrømmer at han personleg kunne tenkt seg å jobbe litt meir med song og musikk.

– Eg har veldig lyst å fordjupe meg litt i songen, så får vi sjå kvar det ber og om det blir eit musikalsk show.