Hopp til innhold

Forbipasserande fann blodig mann på Ladestien

Politiet avslutta arbeidet på staden, etter at ein mann i 60-åra vart funne blodig på Ladestien i Trondheim torsdags morgon.

Nødetater på Ladestien

Politiet har sett i gong fullt søk for å finne ut om fleire personar kan vere involvert, etter funn av ein blodig turgåar langs Ladestien.

Foto: Joar Elgåen / NRK

– Ein tilfeldig forbipasserande fann ein blodig person, og vi veit endå ikkje kva som er skjedd, seier Trond Volden, operasjonsleiar i Sør-Trøndelag politidistrikt.

Politiet mottok melding om dette 08:35, og hadde innsatsleiar, tre patruljar, norsk luftambulanse, samt hundepatrulje på Ladestien ved Leangen gård. Ein mann i 60-åra skal vere lettare skadd.

Luftambulanse leita langs Ladestien

Innsatsleiar, tre patruljar, hundepatrulje og norsk luftambulanse er i gong med å søke etter fleire personar.

Foto: Joar Elgåen / NRK

Innsatsleiar på området, Geir Arne Sjøhagen, fortel at dei foreløpig veit lite om hendingsgangen.

– Det er litt utfordrande å finne ut samanhengen her, då vi slit med å få god kommunikasjon med vedkommande. Derfor har vi sett i gong eit bredt søk for å få best mogleg oversikt, seier Sjøhagen.

Innsatsleiaren seier at dei verken kan stengje ute medisinske årsaker, eller om det har vore ei konflikt med andre personar. Politiet avsluttar arbeidet på staden, og etterforskinga vil halde fram. Ladestien er no opna att.

Leita etter fleire personar

– Vi kan verken stengje ute eller bekrefte om det er fleire personar involvert, og derfor søker vi med hundepatrulje, seier operasjonsleiar Volden.

Laster Twitter-innhold

Personen som vart funnen blodig langs stien er tatt hand om av helsepersonell.

– Han får legetilsyn samstundes som vi prata med han, seier Vollen.

Innsatsleiar Sjøhagen fortel at dei jobbar med å få god dialog med mannen. Det er ingenting som skal tyde på at vedkommande skal vere rusa, politiet har fått opplyst at han skal ha vore ute på tur.

– Det er vedkommande som har gitt oss opplysningar om at det kan vere andre personar involvert, seier Sjøhagen.

Ladestien var på eit tidspunkt sperra mellom Leangen gård og Devlebukta, men er no opna att.

Politi på Ladestien

Politiet sperra av eit område langs Ladestien.

Foto: Joar Elgåen / NRK