Hopp til innhold

Blind vald har gjort Arne (19) redd for å gå ut

Han hugsar berre det første slaget. Deretter ein hånlatter. Mens han sit i trappa blir han angripen på nytt.

En russ blir slått ned og sparket mens han ligger nede av en mann.

Den 30. april i fjor ble den 19 år gamle mannen utsatt for grov vald utanfor handlesenteret City Syd i Trondheim.

Det er snart eit år sidan Arne vart slått ned utanfor handlesenteret City Syd i Trondheim.
Han var russ og skulle til sentrum med kameratar.

På veg aleine til bussen, vart han stoppa av to jamaldrande. Han visste kven dei var, men hadde ikkje nokon som helst omgang med dei.

Det fortalde Arne i Sør-Trøndelag tingrett torsdag.

Vold City Syd

Arne fortalte om eit liv som er vesentlieg endra etter at han vart utsett for grov vald i fjor.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Kne mot hovudet med stor kraft to gonger

På tiltalebenken sit ein mann i byrjinga av 20-åra.

Rettssaka byrjar med at aktor viser opptaka frå tre ulike overvakingskamera utanfor handlesenteret.

Under visinga greier ikkje Arne å vere i rettssalen. Han har aldri sett videoen av det som hende med han. Psykologen har frårådd han det.

Klokkeslettet på videoen viser 23.07 då Arne møter dei to. Den eine klyp han i baken. Arne stoppar opp nokre sekund før han går vidare med ryggen mot dei. Kameraten til tiltalte går vidare i motsett retning, snakkande i mobiltelefon. Tiltalte går etter Arne og slår han i hovudet med knyttneven.

Det har gått ti sekund sidan dei møttest.

I retten fortel Arne at mannen som klaup han i baken sa:

–Du liker vel slikt du? Arne svarte at det fann han seg ikkje i.

Ikkje noko meir skal ha vorte uttrykt, bortsett frå hånlatteren frå dei to, ifølgje han.

Etter det første slaget blir Arne ståande nokre sekund. Så segner han ned på steintrappa ved parkeringsplassen. Over han står tiltalte. Med stor kraft køyrer han kneet to gonger mot hovudet.

Så småspring han frå staden.

Arne blir liggande urørleg på bakken i nesten eit minutt. I retten fortel han at det svartna for han to gonger. Han vaknar av blodsprut frå hovudet og han er svimmel og kvalm. Så kjem han seg opp i halvt sittande stilling og tek fram mobilen.

Trappa hvor den fornærmede mannen ble utsatt for vold

I denne trappa segner Arne om etter å ha blitt sparka i hovudet to gonger av den no valdsdømte mannen. Trappa er rett ved inngangen til City Syd.

– Var ikkje uroa for russetida

Det var faren han ringde til frå parkeringsplassen den kvelden. I Sør-Trøndelag tingrett torsdag gret faren då han vitna.

– Eg var aldri uroa for russetida. Han var ein roleg person, men alltid glad og trygg på seg sjølv.

Mens faren heiv seg i bilen, greidde sonen å kome seg opp trappa til den øvre parkeringsplassen. Han freista å vinke om hjelp til to drosjer som stod ikkje langt unna, men utan respons.

Så la han seg på ein benk og venta.

Politiet kom før faren, som sjølv køyrde sonen til legevakta. På vegen dit svima av han igjen. Faren klarer ikkje halde tårene tilbake i retten når han snakkar om kor redd han var for å miste sonen for godt.

Om livet etter overfallet, seier faren:
–Tryggleiken var blåst bort på to minutt. Det sosiale livet hans er borte. Han har ikkje det livsmotet han hadde.

Det var Arne sjølv som gav politiet namnet på den no tiltalte.

– Eg håper tiltalte tek tak i livet sitt og kjem på rett kjøl. Det er fleire familiar som har det vondt her, sa faren til slutt i vitnemålet sitt.

Gjenopplever sekunda utan forvarsel

Hjerneristing og brot på nasen var dei fysiske skadane Arne fekk etter overfallet.
Det var ei trøyst, sidan legen sa sparka mot hovudet kunne enda med døden.

Sjølv om 19-åringen berre hugsar det første slaget, har hendinga gjort han spent og redd.
Utan forvarsel kan han oppleve på ny sekunda med slaget, smerta og blodet.

Søvnproblem og mareritt om kvarandre forutan langvarig hovudverk øydela avsluttande eksamen på vidaregåande og opptak på høgskule. I staden vart det timar hos psykolog.
Han har alt fått diagnosen posttraumatisk stressliding eit knapt år etter valden skjedde.

Ut på hausten i fjor greidde han ikkje å bu i heimkommunen lenger fordi hendinga kom for nær der. Han flytta til kjærasten i Oslo. Der jobbar han i butikk, men er heilt utsliten etter arbeidsdagen:

– Møter eg ein kunde som er litt vanskeleg, er det nok til at eg kan bli redd og stressa. Og bli liggande søvnlaus om natta.

– Men det er betre å ha noko å gjere, enn å vere sjukmeld. Då vil tankane kome heile tida.

Tiltalte hugsar ingenting

Tiltalte sa seg lei for det han hadde gjort, då han forklarte seg i retten.

Han sa han var «dritfull», at han ikkje hugsa noko og aldri ville oppført seg slik i edru tilstand. Han skjønte ikkje kvifor politiet kom på døra dagen etter. Då han fekk sjå videoen, tilstod han.

– Det er ingen formildande omstende i saka, bortsett frå tilståinga, sa aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne.

Fredag fall domen. Aktor fekk medhald i påstanden om elleve månader i fengsel.
Forutan grov kroppsskade, vart tiltalte dømd for to promillekøyringar utan førarkort, og for å ha køyrt 160 kilometer i timen. Han godtok å betale femti tusen i oppreisning til Arne.

Før retten vart heva torsdag vende tiltalte seg til Arne, bad om orsaking og la til:

– Eg skal ta straffa mi.

I domen skriv Sør-Trøndelag tingrett:

«Tiltaltes erkjenning har bidratt til å lette påkjenningen ved gjennomføringen av saka for fornærma»

NRK bruker ikkje Arne sitt eigentlege namn, etter ønske frå han sjølv.