Bli med om bord på litteraturtoget

H.K.H kronprinsesse Mette-Marit hadde med seg ungdomsforfattarane Harald Rosenløw Eeg og Tore Renberg om bord på toget på veg til forfattarmøte om ungdomstid på biblioteket i Oppdal.

Kronprinsessa er på veg til Oppdal med forfattarane Tore Renberg og Harald Rosenløw Eeg

– Det er viktig med god ungdomslitteratur, sa kronprinsesse Mette-Marit.

I ungdomstida blir mykje av livet forma, heldt kronprinsessa fram.

H.K.H Mette Marit og ordførar i Trondheim Rita Ottervik

Her helsar H.K.H Mette-Marit på ordførar Rita Ottervik før ho går om bord på toget til Oppdal.

Foto: Stein Roar Leite

– Harald Rosenløw Eeg og Tore Renberg skriv bøker som fengar ungdommar. I den perioden formar ungdommar mykje av identiteten sin og difor er det viktig med god litteratur.

Kronprinsessa er i to dagar på ei litteraturreise, der ho skal møte ti forfattarar. Ho byrja reisa på Trondheim Bibliotek tysdag morgon med forfattarane Roy Jacobsen og Helga Flatland. Etterpå gjekk ho om bord på litteraturtoget med forfattarane Harald Rosenløw Eeg og Tore Renberg. Første stopp var Oppdal. Ferda skal så gå vidare til Ringebu, Hamar og Lillehammer. På Lillehammer skal kronprinsessa opne Norsk Litteraturfestival.

Kronprinsessa startar årets Litteraturtog i Trondheim

Viktig del av livet

– Eg går veldig opp i dei prosjekta eg held på med, men litteraturen har alltid vore ein viktig del av livet mitt, fortalde Mette-Marit under turen til Oppdal.

Ho fortalde tidlegare på dagen under forfattarmøtet med Roy Jacobsen og Helga Flatland på Trondheim Bibliotek at ho kunne vakne på natta når ho kom på nye forfattarar ho hadde lyst til å møte under litteraturreisene.

– Eg har brukt mykje tid på å førebu meg i år som i fjor.

Til saman skal H.K.H kronprinsesse Mette-Marit møte ti forfattarar.

– Det er umogleg å halde styr på ti forfattarskap, lo kronprinsessa under togreisa.

Fantastisk

– Og det er i alle fall vanskeleg å halde styr på alle prisane dei har fått. Harald Rosenløw Eeg og Tore Renberg har blant andre fått debutantprisen til Tarjei Vesaas i lag, sa kronprinsessa, då ho sat i lag med dei to forfattarne på toget.

Ho er særs nøgd med å jobbe i lag med så flinke forfattarar.

– Det er fantastisk å få jobbe i lag med så skjønne og flinke forfattarar, sa kronprinsessa.

Forfattar Tore Renberg tykte det var flott at kronprinsessa engasjerer seg.

– Me er heldige som har ei kronprinsesse som deltek så aktivt i litteraturformidlinga som dette.

Og forfattarkollega Harald Rosenløw Eeg var samd.

– For at bøker skal bli lest må ein ha førebilete som formidlar god litteratur. Kronprinsessa får fram norsk litteratur og gjer ein superviktig jobb, sa Eeg.

Litteratur er kult

Mette-Marit på Oppdal Bibliotek

H.K.H Mette-Marit i forfattarmøte med Harald Rosenløw Eeg og Tore Renberg på Oppdal Bibliotek.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Forfattar Tore Renberg var oppteken av å få ungdommar til å halde fram med vanar dei har teke med seg frå barndomen.

– Mange ungdommar sluttar å lese bøker. Det er viktig å formidle litteraturen vidare til dei, slik at dei held fram med å lese bøker slik dei gjorde i barndommen. Me har ein jobb å gjere der. Det er ikkje slik at litteratur ikkje er kult, sa Renberg.