NRK Meny
Normal

Ein gut som blei sett pris på av alle

Sondre Kjøren frå Orkdal var sterkt engasjert i arbeidet med å få ny idrettshall i bygda. Han blei 17 år gammal.

Sondre Kjøren

Sondre Kjøren vart drepen på Utøya.

Foto: Privat

Sondre Kjøren var ein engasjert ungdom og AUF-medlem.

– Blid og omtenksam

Sondre var elev ved Orkdal vidaregåande skule der han nyleg hadde fullført første år på studiespesialisering.

Rektor Kristoffer Uppheim ved Orkdal vidaregåande skule fortel at han fort la merke til Sondre på ein positiv måte. Han skildrar Sondre som ein blid, omtenksam og engasjert person.

Uppheim fortel også at han hadde ein del samarbeid med Sondre i samband med utbyggjing av skulen.

– Sondre Kjøren var primus motor frå elevane for at vi skulle få ein heil handballhall på skulen, fortel rektoren til NRK.no.

Uppheim fortel at Orkdal vidaregåande hadde open skule på måndag. Heile 150 ungdommar og vaksne kom til skulen.

– Det viser kanskje litt den posisjonen han hadde blant ungdommane, fortel Uppheim.

– Blei sett pris på av alle

Den engasjerte guten var medlem i Orkdal AUF.

– Han var ein gut som blei sett pris på av alle, og ikkje minst av dei i partiet, seier leiar i Orkdal Arbeiderparti, Emir Kaniza til NRK.no.

– Eg hugsar han var spesielt engasjert i saka om utbyggjinga av hall på Follo. Han fekk med seg mange vaksne politikarar den gongen.

– Han var rett og slett ein ungdom som jobba for heile samfunnet, avsluttar Emir Kaniza.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.