NRK Meny
Normal

Blei lurt til å ete hasjkake av elev - måtte på sjukehuset

Marit Mjøen, lærar ved Meldal videregående skole, måtte til sjukehuset etter at ein elev lurte henne til å ete eit kakestykke med cannabis.

Mareit Mjøen med datter Kirsti Kringstad.

Mjøen måtte på sjukehuset etter at ho vart servert hasjkake av ein elev. Ho måtte ligge over natta for å sove av seg rusen. Her er ho med dottera Kirsti Kringstad.

Foto: Privat

– Eg frykta hjarteinfarkt eller hjerneslag, seier ho med ein liten latter.

Det var på starten av nest siste skuledag at lærar Marit Mjøen begynte å kjenne seg dårleg. Etter kort tid vart ho frakta med ambulanse til Orkdal sjukehus, kor dei konkluderte med at ho hadde fått i seg narkotika. Det var avisa Sør-Trøndelag som først omtalte saka.

Sjokoladekake med uvanleg smak

Mjøen fortel om skuledagen som starta med kviss og kanelsnurrar, og at ein elev kom opp til henne med to kakestykke.

– Det likna på sjokoladekake, men smaken var veldig uvanleg. Eg velde derfor å diskret kaste det andre stykket, fortel læraren.

– Eg hadde heilt tom mage, og det tok ikkje lang tid før eg byrja å kjenne meg svimmel. Det skjedde noko med kroppen min.

Mjøen fekk kommentar frå ein kollega om at ho kaldsveitta, og forma vart berre dårlegare. Då ho kom fram til skulen sitt resepsjonsområde var Mjøen knapt i stand til å gå, og frykta at ho ville svime av. Rektor vert informert om situasjonen, og tek ei rask avgjersle om å ringe etter ambulanse.

Fekk servert hasjkake av elev

Marit Mjøen sit saman med dottera Oda Kringstad og fortel om hendinga.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Politiet vart raskt varsla

Dottera til Mjøen, Oda Kringstad, møter dei på sjukehuset. Mora fortel henne om kakestykket, men begge tenker at det er for utruleg til å vere sant. Likevel fortel dei om hendinga til legen, og etter kort tid står det to politimenn med sjukesenga til Mjøen.

– Dei gjorde eit kjapt avhøyr, og deretter kom det to stykke frå narkoseksjonen og ville ha ei urinprøve.

Prøva gav tydeleg utslag på cannabis, og Mjøen beskriv det heile som ein rus.

– Ein veit korleis det er å vere rusa. Du går ikkje akkurat rett fram, seier ho.

Eit stort tillitsbrot

Mjøen er rysta etter hendinga, men fortel at ho fint skal klare å komme tilbake på skulen og møte eleven.

– Det er kanskje tillitsbrotet som har vore mest krevjande å handtere i ettertid, fortel ho.

Lærar Mjøen måtte sove over ei natt på sjukehuset for å sove av seg rusen, og ho ler litt når ho fortel at det sjølvsagt vart godkjend som sjukemelding. Rektor ved skulen, Øyvind Togstad, beskriv det som ei uvanleg hending:

– Vi har sett i gong prosedyrane vi har når vi vert utsett for slike ting. Det her er første gong det dreier seg om narkotika i ei kake, og det er viktig at vi tar vare på dei det dreia seg om. No er saka under etterforsking, så får vi sjå kva som skjer.

Politiet bekreftar at dei etterforska saka.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
det er julebordtid, og av alle ting du må passe på er tennene. Ikke bare med tanker på sukker og syre og sånn, men det kan skje uhell skal vi tro tannlegene!
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.