Hopp til innhold

Geir Morten venta nesten eitt år før han gjekk til legen: – Eg var ein idiot

I trekvart år hadde Geir Morten Valseth (58) ubehagelege symptom, før han gjekk til legen. Då viste det seg å vere veldig alvorleg.

Geir Morten Valseth - blærekreftpasient

Geir Morten Valseth ser på bilete av seg sjølv for seks år sidan. Det vart ein tøff kamp for å overleve kreftsjukdommen.

Foto: Espen Sandmo / NRK

– Eg gløymer aldri 20. mai 2016. Då oppdaga eg blod i urinen. Eit vanleg teikn på kreft i blæra, fortel 58-åringen frå Namsos.

Blærekreft er den femte mest vanlege kreftforma blant menn. Hadde han teke signala på alvor og gått til lege tidlegare, hadde han sloppe mykje smerte og plager.

Les også Å skru ned temperaturen i huset kan hindre kreft

En hånd foran en skjerm som justerer temperaturen inne.

Rask og god behandling

Kvart år får rundt 1850 nordmenn diagnosen blærekreft, og 16.500 lever i dag med sjukdommen. Valseth fekk rask og god behandling då kreften først vart oppdaga.

– Det gjekk unna både hos fastlegen min i Namsos, og på St. Olavs hospital i Trondheim, seier han om dei dramatiske månadene for seks år sidan.

Han og kona planla tur til London for å sjå Åge Aleksandersen og Sambandet spele i Royal Albert Hall. Men den turen kunne han berre gløyme.

– Det var ei oppleving eg hadde gledd meg veldig til, men eg var for sjuk til å reise. Eg fekk heller ikkje oppleve gleda over å få sjå mitt første barnebarn som nyfødd på sjukehuset. Det var ei tung tid.

Geir Morten Valseth - blærekreftpasient

Namsos-mannen var svært sjuk medan han gjekk gjennom behandling for blærekreft i 2016.

Foto: Privat

– Ville berre døy

Cellegiftbehandlinga Geir Morten Valseth fekk i Trondheim var hard for kroppen hans. Han fortel om minne av at han låg samankrøkt på golvet heime i si eiga stove.

– Eg hadde det så vondt at eg berre ville døy. Det var heilt forferdeleg, seier han.

58-åringen seier han var så langt nede som det går an å komme. Spesielt godt hugsar han ein telefonsamtale med legen i Trondheim. Den kom ein tysdag medan han var på hytta.

– Eg stod nede ved vatnet då ho fortalde meg kor alvorleg situasjonen var. I motbakken på veg opp til hytta igjen bestemde eg meg for å ta opp kampen. Eg hadde så mykje i livet mitt å kjempe for, seier Geir Morten seks år seinare.

Éin dør kvar dag

Ranveig Røtterud i foreininga Blærekreft Norge seier at det i gjennomsnitt døyr éin person av denne krefttypen kvar einaste dag i Noreg.

– Det er ein alvorleg sjukdom det ikkje blir snakka så mykje om, dessverre. Det er viktig at fleire blir klar over symptoma, seier ho.

Dirfor startar den europeiske urologorganisasjonen EAU ein stor internasjonal kampanje mot blærekreft no i haust.

Synleg blod i urinen finst ein eller fleire gonger hos om lag 85 prosent av blærekreftpasientane. Det er både ein viktig og enkel måte å spore mogleg blærekreft på, seier ho.

Ranveig Røtterud, dagleg leiar i Blærekreftforeningen

Ranveig Røtterud i Blærekreft Norge seier det er viktig å ta kreftsymptoma på alvor så tidleg som mogleg.

Foto: privat

Geir Morten Valseth håpar den store kampanjen får mange til å sjekke seg for kreft. Langt tidlegare enn han sjølv gjorde.

– Eg venta altfor lenge. Eg merka jo eit ubehag då eg skulle tisse, men det kom og gjekk. Eg har i ettertid skjønt at det ikkje er så vanleg blant blærekreftpasientar. Først då eg oppdaga blod i urinen, gjekk eg til lege, seier han.

Les også Frode (59) valgte å dø hjemme med flokken sin

Hjemmedød: Frode Flægstad (59) fikk kreft i hjernen og valgte å dø hjemme.

Brukte 18 månader på å bli frisk

I dag er han kreftfri, men det gjekk halvtanna år før han vart så frisk at han kunne byrje å jobbe igjen. Han måtte fjerne blæra, og fekk i staden ei erstatningsblære laga av ein bit av tarmen hans.

– Eg er så glad for at eg er i live, har seks barnebarn og kan gå på jobb kvar einaste dag. Men konsekvensane av blærekreften må eg leve med kvar dag resten av livet.

– For eg kan ikkje tisse på normal måte. Eg må bruke kateter om dagen, og uridom med nattpose når eg skal sove. Eg må også skylje blæra, og opplever dessverre urinlekkasjar av og til. Men eg lever, seier 58-åringen.

No ber han andre som kjenner at noko er gale, om å ikkje vente i nesten eit år, slik han sjølv gjorde.

– Då hadde eg kanskje sloppe alle plagene eg framleis slit med. Eg kjenner meg litt som ein idiot sidan eg ikkje gjekk til legen. Men viss eg kan vere den siste idioten, er det verd det, avsluttar Valseth.

Les også Har vunnet over kreften fire ganger – nå kjemper han for å få jobb

Kenneth Aas