Bjørnar Valstad trur sjølv han var rundt 11 år da han deltok i sitt første orienteringsløp. Det gikk i området rundt Gevingåsen heime i Stjørdal, og enda med at han sto på E6 og såg på bilane som passerte. Mål fann han aldri.
Bjørnar Valstad "stempler" på siste post før målpassering under verdenscup-løp i sprint i Holmenkollen. Foto: Jan Greve/SCANPIX.
Sta og tolmodig
- Som idrettsmann er eg nok ein sta type, og tolmodig. Eg har brukt lang tid på å oppnå gode resultat, så tolmodet har vore nødvendig, seier Valstad.
No har han passert 36, og har vore i verdstoppen i mange år. VM-gullet for fire år sia er utan tvil høgdepunktet i karrieren:
- I ettertid har løpet mitt vorte skildra som det perfekte o-løp. Sjølv om ein alltid vil finne ting som kunne ha vore gjort betre når ein analyserer eit løp i ettertid, så er det ingen tvil om at det er det beste løpet eg har gjort, og mitt største augeblikk som idrettsmann.
Teknikken er viktigast
Sjølvsagt er fysikken viktig når ein skal springe innpå to timar i terrenget. Likevel er ikkje verdsmeisteren i tvil om kva som skil dei beste frå dei nest beste:
- Det er teknikken. Når eg får kartet, er det som å opne ei eventyrbok. Eg veit alltid kva som ventar meg i terrenget. Utfordringa som ligg i å lese ”eventyrboka” rett, er heilt rå. Det er nok den som gjer at eg aldri blir ferdig med o-sporten.
Voks opp i telt
Bjørnar Valstad jubler etter seieren i et verdenscup-løp i Shanghai. Foto: Thommy Nyhlen/SCANPIX.
- Eg voks opp i telt, seier Bjørnar Valstad, og gir indirekte æra til foreldra for at han vart glad i å springe ute i naturen.
- Vi var ute kvar einaste helg så sant det gikk an. Og sjølv om eg ikkje tenkjer på naturopplevingar når eg spring konkurranse i dag, så er det framleis ei gåve å drive i ein idrett der vi er ute i naturen. Lukta av nyutsprunge lauv om våren er like god kvart år, og under treningsturar i fjellet kan vi nyte landskapet i fulle drag.
Snill og blid
Foreldra klarer ikkje å finne eit einaste negativt ord å seie om guten:
- Bjørnar er alltid blid, seier mamma Snefrid.
- Eg trur aldri eg har sett Bjørnar sur, seier pappa Bjørn.
På direkte spørsmål om Bjørnar var lett å halde rein, vedgår likevel mora at han kan ha dratt litt lort i hus frå tid til annan.
Anna er kanskje ikkje å vente frå ein kar som har hamna i blautmyra til opp under armane både ein og to gonger.
Mange vil ha autografer etter at Bjørnar Valstad gikk til topps i et verdenscup-løp i parkorientering i Shanghai. Foto: Thommy Nyhlen/SCANPIX.
Eiga heimeside
Kjærasten Hanne Staff skriv utan vidare under på attesten om den positive og blide Bjørnar.
- Dessutan er han utruleg sosial, føyer ho til.
Men det vil ikkje seie at han vantrivst i eige selskap.
- Når vi er heime, kan han godt kose seg med ei god bok. Dessutan finn han mye avkopling og stor glede ved dataskjermen, røper ho.
Resultatet er lett å sjå for alle og einkvar. På heimesida www.staff-valstad.com/ finn du eit vell av opplysningar om orientering og om kva dei to verdsmeistrane driv på med.
Politikk på høgt nivå
Årets VM er det første der Bjørnar Valstad går glipp av stafetten. Årsaka er rett og slett at konkurransane er lagde så tett opp i kvarandre at det er uråd for dei beste løparane å stille til start i alle disiplinar.
VM-kongen Bjørnar Valstad kastes i været etter en stafettseier. Foto: Thommy Nytlen/SCANPIX.
- Det synest eg er leit, for eg hadde innstilt meg på å springe stafetten. I o-sporten heng eit stafettgull like høgt som eit individuelt for mange av utøvarane, seier Valstad.
Han er ikkje eit sekund i tvil om at konkurranseopplegget er idrettspolitikk på høgt nivå:
- Det internasjonale forbundet ønskjer ganske enkelt å spreie medaljane på fleire land. Av same grunn får berre tre stille til start frå kvart land på kvar distanse. Dermed blir fleire av dei beste løparane i verda utestengde, og det setter mange av oss aktive lite pris på. Men sånn er det, leiarane bestemmer og vi spring, seier Valstad.