Marit Bjørgen på 15 kilometeren i Val di Fiemme. Foto: Scanpix
Marit Bjørgen frå Rognes er ein av dei sterkaste kandidatane til sprintdistansen under VM i Val di Fiemme i ettermiddag.
Bjørgen har vunne tre av dei fire friteknikk-distansane i verdscupen denne sesongen. No blir det spekulert i kva ho har gjort for å bli så god i sprint:
- Eg har vel kanskje vore hurtig og spenstig tidlegare også, men eg er i mykje betre form i år, så eg trur det er ein samanheng der, seier Bjørgen.
Korleis trener ein for å bli god i sprint?
- Eg har eigentleg ikkje trent noko spesielt for å bli god. Eg trur eg berre er hurtig og rask i kroppen.
Lang og krevjande dag
Sprint-konkurransen er ein lang dag for løparane med prolog først og deretter finalar:
- Det verste med å gå sprinten er at det tek så lang tid. Først er det prolog, deretter nokre timar pause før det er på igjen med nye renn. Det er eit langt renn og du må bruke hovudet heile tida og psyke deg opp før kvart løp. Alt dette tek på kroppen, seier Bjørgen.
I tillegg er det viktig å vere frekk for å vinne. Dersom ein blir for tam er det fort å falle bakpå og då har ein ingen sjans til å vinne.