Hopp til innhold

Bjørg vil barnas beste

Barn og familie først! Det er KrF-politikar Bjørg Tørresdal sitt personlege slagord under denne valkampen.

Bjørg Tørresdal
Foto: Privat/Kristelig Folkeparti

– Då eg valte KrF var det ut frå synet på menneskeverdet. Det vil seie kampen for ei meir rettferdig verd og kampen mot fattigdom, forvaltaransvaret med tanke på miljø og klima og familiepolitikken, seier Bjørg Tørresdal.

Bjørg Tørresdal er utdanna lærar og har jobba som lærar, inspektør og rektor i grunnskulen i Sandnes. Ho var med i KrFU og var sidan leiar av lokallaget for Kristeleg Folkepartis Kvinner i Sandnes.

Ho blei enke med to små barn berre 31 år gammel. Hausten 2005 gifta ho seg med stortingskollega Inge Ryan frå SV i Nord-Trøndelag.

Ville opp på lista

Bjørg blei valt inn på Stortinget frå Rogaland i 2001. Ho blei gjenvalt i 2005. Begge gongane som Kristeleg Folkepartis andrekandidat.

Før stortingsvalet i 2009 gjorde ho det klart at ho ikkje lenger tok til takke med plassen bak Dagfinn Høybråten. Det er bakgrunnen for at ho stiller som førstekandidat for KrF frå Nord-Trøndelag.

Dei fire neste åra vil ho kjempe for at alle barn skal få ein trygg oppvekst. Ho vil helst samarbeide med partia i sentrum.

– Eg er ein sentrumspolitikar som er opptatt av fellesskapsverdiar og frivillig sektor. Det blir avgjerande i mitt val av politiske samarbeidspartnarar, seier Tørresdal.

Kva parti vil du samarbeide minst med?

- Framstegspartiet.

Mindre rovdyr

Bjørg Tørresdal meiner at bestandsmåla for rovdyr må revurderast og og at det må opast for meir målretta uttak av skadedyr. Ho vil jobbe for at naudverge skal få større rom og frikoplast frå bestandsmål.

– Vårt forvaltaransvar pliktar oss til å leggje til rette for ei berekraftig utvikling, noko som også inneber at livsvilkår og næringsliv i rovdyrbelasta område må bli tatt vare på. Tradisjonelle beitenæringar og tamreindrift er i ferd med å dø ut. I enkelte bygder er konflikta mellom bjørn og sau så stor at sauen i praksis er borte. Livsgrunnlaget for Sørsamene og den sørsamiske kultur er også i ferd med å falle bort, seier Tørresdal.

Bjørg Tørresdal
Foto: Privat/Kristelig Folkeparti

Korleis stiller du deg til å finansiere vegutbygginga i Trøndelag med bompengar?

– I houvudsak skal finansieringa av vetutbygginga skje med statlege overføringar, spesielt i distrikts-Noreg. Bompengar og vegprising kan nyttast til heil eller delvis finansiering av nye vegprosjekt. Men bruk av bompenger er mest aktuelt rundt dei store byane som har tett trafikk. Bompengar kan også vere ein del av finansieringa av vegprosjekt i Trøndelag, men det er ein føresetnad at det er lokal semje og samarbeid.

Kommunane må avgjere

Bjørg trur ikkje det er ein automatikk i at alle kommunar med få innbyggarar er mest tent med å slå seg saman. Ho meiner det finst mange døme på at småkommunar har gode velferdstenester og høg trivsel.

– Om kommunar skal slå seg saman, skal initiativet komme frå kommunane sjølv. Og omsynet må vere at ein kan få betre tenester. Kommunane har fått ansvar for fleire spesialiserte og ressurskrevjande tenester. Om kommunane i framtida skal kunne ivareta eit like tungt ansvar for velferda til sine innbyggarar, og samstundes ta vare på generalistkommuneprinsippet, kan det vere teneleg at nokon kommunar enten slår seg saman eller inngår nært samarbeid, seier Tøresdal.

Send epost til Bjørg Tørresdal
Besøk Bjørg Tørresdals blogg